Lokal | 27. okt. 2016

Først med økonomisk tilsyn

Os kommune er av dei første i Noreg som no gjennomførar økonomisk tilsyn med ein privat barnehageeigar.

Først med økonomisk tilsyn
Barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang og kollegaene har satt i gang økonomisk tilsyn med ein barnehageeigar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. okt. 2016 11:54

Då Sælehaugen barnehage gjekk konkurs i mars i vår fekk plutseleg kommunen eit problem. Barna i den 3-avdelings barnehagen måtte få nye plassar i andre barnehagar.

– Vi løyste det, men det er dramatisk når ein barnehage legg ned midt i eit barnehageår. Vi opplevde frustrerte foreldre som lurte på korleis kommunen som lokal barnehagemynde kunne la dette skje, fortel barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang.

Vil læra av saka

Som ein følgje av konkursen beslutta kommunen i ettertid å gjennomføra tilsyn med barnehageeigar etter barnehagelovas paragraf 14a, ein paragraf som stiller krav til ikkje-kommunale barnehagar sin bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling.

– I den paragrafen står det at offentlege tilskot og foreldrebetaling skal komme barna i barnehagen til gode, men også at barnehagen kan ha eit rimeleg årsresultat. Den set òg nokre vilkår i høve korleis barnehagen kan driva.

–Vi forvaltar vel 150 000 000 kr i året i kommunalt tilskot til barnehagane i Os kommune. Med utgangspunkt i gjeldande lov og regelverk, lokale retningsliner for barnehagesektoren i Os kommune, rapporteringar og endringsmeldingar gjennom året ynskjer vi å sikre likeverdige og føreseielege vilkår for barnehagedrift. Barnehagane i Os kommune er opptatt av å drifte godt og bidrar i kvalitetsarbeid til det beste for barna, understrekar Ullensvang.

– Målet med tilsynet er ikkje prega av mistillit til barnehageeigarar i Os kommune og intensjonen er heller ikkje å skulle ta nokon, men å læra og sjå om det var signal vi eller barnehagen burde ha fanga opp tidlegare. Det er grunn til å understreka at tilsynet ikkje kjem som følgje av mistanke om at noko er feil, men barnehagen gjekk konkurs. Då har vi ei plikt til å undersøka.

Omfattande dokumentasjon

I tilsynet har kommunen bedt om ein omfattande dokumentasjon frå barnehagen. Ein har beden om lønslister og bilag for lønsutbetalinger, kontraktar og bilag for vikarbruk, husleigekontraktar og bilag for husleigebetaling, bilag og eventuelle andre kontraktar for andre leigekontraktar, kontraktar og bilag for fremmedtjenestekjøp og saldoliste for 2015.

– Vi har tatt på oss ei omfattande oppgåve. Vi har mottatt mykje dokumentasjon og må bruke tid på dette arbeidet, seier Ullensvang.

Blant dei første i Noreg

Os kommune er den første kommunen som gjennomførar eit tilsyn etter §14 a i Hordaland og blant dei første i Noreg.

– Vi er berre kjend med at Oslo kommune gjer det sama i tre bydelar. Vi har fått stadfesta frå fylkesmannen at vi er den einaste kommunen i Hordaland som gjennomfører eit slik tilsyn pr. idag, så det er nybrotsarbeid og lite erfaring frå andre kommunar å støtta seg til. Det gjer òg at det er eit ressurskrevande tilsyn vi skal gjennomføra og vi kjem til å nytte oss av den øvrige juridiske og økonomiske kompetansen vi har i kommunen.

Skal dela erfaringane

Blant dei som følgjer tilsynet med stor interesse er fylkesmannen i Hordaland.

– Sidan det ikkje har vore gjennomført tilsvarande i Hordaland tidlegare er fylkesmannen interessert i korleis vi gjer det. Vi har blant anna blitt bedne om å dela våre erfaringar i møte med andre, avsluttar Ullensvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.