Lokal | 27. sep. 2014

Først på ulykkestaden?

Kva gjer du om du kjem først til ein ulykkesstad? Det skal 10. klassingane få læra når kommunen inviterer til trafikksikkerheitsdag i neste veke.

Først på ulykkestaden?
Politi og brannvesen samarbeider på eit skadested. No vil dei fortelja elevar på ungdomsskulen kva dei skal gjera om dei kjem først fram (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. sep. 2014 07:01

Kommunen sitt trafikksikkerheitsutval fekk tidlegare i år vedtatt ein ny trafikksikkerheitsplan for Os kommune.

– I den har vi lagt inn at 10 % av midla vi har tilgjengeleg skal gå til forebyggande arbeid.

– Torsdag i neste veke inviterer vi difor alle femte og tiande klassingane i Os til samlingar på Oseana, fortel leiar i utvalet, Ståle Skaatun (H).

Tverrfagleg opplegg

Sjølv om det er politikarane som står bak initiativet er det oppvekst- og kulturavdelinga og teknisk eining som tek seg av den praktiske oppfølginga.

– Knut Vidar Garlid på oppvekst og kultur og Marianne Kramer på teknisk har fått med seg Trygg Trafikk, Politiet, Brannvesenet og ein representant for køyreskulane til sjølve gjennomføringa av dagen.

– Kvart av klassetrinna har blitt delt i to grupper, som først får eit kvarters fellesinformasjon i Oseanasalen, før dei i mindre grupper får møta representantar frå organisasjonane.

Sykkel og refleks

På dei fleste skulane får elevane lov til å sykla på skulen når dei byrjer i femte klasse.

– Difor er det naturleg at sykling i trafikken blir eit hovudtema for desse elevane.

– I tillegg går vi inn i den mørke årstida, så fokus på refleks må vi sjølvsagt ha med, i tillegg til trygg skuleveg.

Bak rattet

For tiande klassingane blir fokuset meir på køyreopplæring forklarar Skaatun.

– Dei er jo i ein alder at dei gjerne skal ta trafikalt grunnkurs og skal ut i trafikken.

– Dette er ting dei vil få meir informasjon om, mellomanna kva dei skal gjera om dei er først på skadestaden.

– Du hjelper ingen om du fiskar fram telefonen for å ta bilete. Ringer du for å varsla derimot kan du gjera ein stor forskjell, påpeiker trafikksikkerheitsleiaren.

Tar oppatt reflekskveld

Eigentleg hadde trafikksikkerheitsutvalet også tenkt å invitera førsteklassingane til dagen.

– Det var ikkje praktisk mogleg å få til. Det er eit så stort årskull, at det rett og slett ikkje er plass.

– I staden planlegg vi ein kveld i november kor vi tek oppatt det opplegget som blei køyrd på skulane for nokre år sidan.

– Den kvelden inviterer vi elevar og foreldre til å ein demonstrasjon kor dei får sjå nytten av å bruka refleks i mørket, avsluttar Ståle Skaatun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.