Christine Hope er siste helga i oktober tilbake i Oseana. (Foto: Ganeshfoto.no/Over Norge)

Først Stord - så Os

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det blirr tett med komikk i Os før jul. Til helga skal debutant Thomas Helgesen halda sitt første av to fullsette show, mens Dagfinn Lyngbø har selt fire fulle salar nærmare jul. Siste helga i oktober byr kulturhuset på Mobergsneset på Christine Hope:

– Eg blir gal av Os, sa Christine Hope til Midtsiden før sitt andre av to fullsette show av «Roer seg kraftig ned» i Oseana vinteren 2014.

I år har ho vunne komiprisen og det nyaste showet hennar «Hope, skulder kne og tå», som blei sett av 25.000 i Bergen i vinter, blir av Bergens Tidende skildra som «fysisk komikk på John Cleese-nivå».

Fram mot jul skal Hope på vestlandsturné. Turneen startar på heimebane på Stord til helga og går vidare til Fitjar, Bømlo og Os neste helg. Showet i Oseana er ikkje så langt frå utselt, med 80-90 ledige sete.

60 år og gravid

I humorshowet har ho laga figurar som den seksuelt frustrerte og snakkesalige Gerd Søyland, og den verbale mitraljøsen «mora til Karoline Krüger».

Christine har fått teksthjelp frå blant andre Øyvind Angeltveit og Pernille Sørensen.

– Pernille og eg har laga eit nummer om ei gravid 60 år gamal karrierekvinne som endeleg har tatt seg tid til å få barn. (Barnefaren er 74 år).

Fekk tittel - betalte med lefse

Showtittelen kan ho takka Finn Tokvam for.

– Eg hadde vore på show på Bømlo og hamna på ferja med Finn Tokvam. Han hadde gløymd lommeboka, så eg sa at eg skulle spandera vestlandslefse på han viss han hjelpte meg med tittel på showet.

– Nokre sekund seinare kom det; «Hope, skulder, kne og tå». Eg klarde ikkje slutta å le, fortel komikaren, som også er TV-aktuell denne hausten som programleiar for NRK-serien «Symesterskapet».

Christine Hope mottok Komiprisen som «Beste kvinnelige scenekomiker» for «Hope, skulder, kne og tå». Ho har fått terningkast 5 i både BA og BT for showet.

Etter showet i Oseana går turneen vidare til blant anna Sandnes, Stavanger, Nordfjord og Ålesund.