Næringsliv | 24. jan. 2018

Første kommunen i SRF

– Vi liker å tenkje og gjera ting annerleis, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Første kommunen i SRF
Daniel Skotheim signerte avtalen med SRF sin dagleg leiar Mariell Sæternes og styreleiar Therese Andvik Rygg (privat foto)
Andris Hamreonsdag 24. jan. 2018 10:13

Os kommune signerte nyleg medlemsskap i Salgs- og Reklameforeningen i Bergen (SRF) og blir med det den første kommunen som blir medlem i foreninga.

– Os kommune ønskjer å vera ein attraktiv og framoverlent kommune både for innbyggjarane og for næringslivet. Difor er vi eller ikkje redd for å gå nye vegar og gjera ting på ein litt annan måte enn det som er vanleg i kommune-Noreg, seier Næringssjef Daniel Skotheim.

Koble Os på

Eit av formåla med å melde seg inn i SRF er å koma tettare på næringslivet og kompetansen i Bergen.

– Vi ønskjer å kobla Os på det som skjer i Bergen og å spele på kvarandre sin kompetanse. Gjennom SRF får vi ein møteplass som er opptatt av sal og markedsføring. Der møter vi alle dei store verksemdene og markedsavdelingene og kan dra nytte av det nettverket. Det er masse fordelar ved å bli spelt god av foreninga.

Meir samarbeid

Allereie er fleire verksemder i Os, som Picapoint, Oseana, Sport Norge, Varde, Sprek og blid og ei rekkje firma med avdelinger på Os medlemmar i foreningen.

– Eg håper jo at dette også kan bidra til eit enno tettare samarbeid mellom næringslivet på Os, og då med auka fokus på sal og markedsføring.

Gjer det

Skotheim er oppteken av å ikkje berre snakka med også å gjera det.

– Vi skal ikkje berre snakka om ting, men gjera det òg. Difor blir det FagFrukost med SRF på Oseana allereie 21. februar kor temaet er korleis firma kan utnytte dei moglegheitene som oppstår i samband med dei store endringane som skjer i samfunnet og næringslivet, og kva er konsekvensane om ein ikkje utnyttar eller tilpasser seg dei endringane som skjer. Det blir òg eit innlegg om «Relationship marketing», fortel Skotheim.

Vil opne augane til bergenserane

Næringssjefen legg ikkje skjul på at han håper det nye nettverket kan vera med å opne auga til næringslivet i Bergen for kva Os har å by på.

– Berre det at det FagFrukosten blir på Oseana er eit steg i den retningen. Eg er så heldig at eg skal få eit innlegg til å fortelje om moglegheitane i Os. Eg trur ikkje alle veit kor kort det blir mellom Os og Bergen sentrum når nye-vegen står klar. Og ikkje minst om dei molegheitane som ligg i Lyseparken når vegen opnar, avslutter Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.