Lokal | 28. nov. 2015

Første laurdag i advent?

Fire mann tok ein fjelltur på fem timar - og no er lysa på Borgafjellet tent for 17. år på rad.

Første laurdag i advent?
Lyslenkene på Borgafjellet blei tent i dag. F.v.: Sjur Veim, Leif Ragnar Tveit, Samson Bogevik og Hans Ingebrigtsen. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2015 17:16

Julelysa på Amfisenteret og i Os sentrum er tent - og i dag var det den største dekorasjonen i Os sin tur.

Det blei tenning laurdag i staden for første søndag i advent i år.

– Det er av både praktiske og vêrmessige omsyn, fortel Leif Ragnar Tveit frå Os Kulturutvikling.

Han gjekk til Borgafjellet med Sjur Veim, Samson Bogevik og Hans Ingebrigtsen i dag.

– Det var okei vêr, vi fekk knapt regn på oss.

3 x 100 pærer

Dei brukte rundt fire timar på toppen.

– 50 meter lange lyslenker er langt å dra, og dess høgare dei kjem dess meir friksjon. Til slutt er det å henga seg i lenkene og dra dei opp med eiga kroppsvekt.

No er alle lenkene oppe. Dei 300 pærene blei tente før heising, for å skifta eventuelle dårlege pærer før dei kom i høgda.

Lysa på Borgafjellet skal skina til over nyttår, men må takast ned seinast 10. januar.

Visste du at ...
• Kvar av lyslenkene er 50 meter lange
• Det er til saman 300 lyspærer på dei tre lenkene
• Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
• Kvart år sidan 1999, etter initiativ frå Arne Martin Holen, har det vore lyslenker i masta på toppen
Les meir om historikken til lyslenkene som Os Kulturutvikling eig og driftar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.