Lokal | 20. juli 2016

Første sommardag etter sankthans

Til no har det vore den kaldaste sommaren sidan 1928, men vêret i dag kan du gleda deg over!

Første sommardag etter sankthans
Mobergsvikjo i dag, lettskya, med litt vind frå søraust, og 17 gradar før klokka 8. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juli 2016 06:55

Det er meldt 23 varmegradar og lettskya i Os i dag. Dei siste vekene har vêret blitt dårlegare enn kva som har vore meldt, dei dagane det har lagt an til å bli lettskya så har ikkje sola vist seg.

Dagen i dag starta varm og lettskya, før klokka 8 passerte gradestokken 17. Kor mykje eller lite skyer vi får vil dagen visa, men temperaturen er bra og skal auka utover dagen.

Skal du leita etter krabbe med ungane?

Det er full flo klokka 11.55, så ettermiddagen blir best (full fjøre kl 17.52).

Her sjekker du flo og fjøre for Osøyro - sehavniva.no

Også torsdag formiddag er bli lettskya og varm, for deg som vurderer telttur.

Rekordkald sommar

Etter ein rekordvarm forsommar har resten vore både kald og våt.

Ifølgje BT, som har intervjua vêrentusiast Robert Næss, er dette den kaldaste sommaren vi har hatt i Bergen sidan 1928.

Fram til i dag har ikkje gradestokken vore over 20 gradar éin gong etter sankthans.

Til samanlikning har Stavanger hatt 1 sommardag, Kristiansand 3, Alta 10 og Oslo 17 i denne perioden.

Også søndag kan bli bra i Os

I Os skal temperaturen halda seg på 20 gradar gjennom helga, men det er venta nedbør både torsdag og fredag.

Yr melder sol på laurdag mens Storm melder litt nedbør gjennom mesteparten av dagen.

Søndag er det meldt sol, opphaldsver og 20 gradar.

Til veka er det meldt regn igjen.

Kjelde: pent.no (med Yr og Storm side om side)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.