Lokal | 23. jan. 2018

Forsvarsbygg klager på sykkelsti

Sykkelstien CK Henie har laga på Ulven kan bli mat for fylkesmannen.

Forsvarsbygg klager på sykkelsti
Grusinga og dreneringa CK Henie har gjort på Ulven meiner Forsvarsbygg er eit vesentleg terrenginngrep (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 23. jan. 2018 10:43

Bildeserie:

Forsvaret meiner sykkelklubben fekk lov å grusa vegen (raud strek), ikkje stien (kvit strek) (bilde henta frå sakspapira)
Forsvaret meiner sykkelklubben fekk lov å grusa vegen (raud strek), ikkje stien (kvit strek) (bilde henta frå sakspapira)
1 av 1
Forsvaret meiner sykkelklubben fekk lov å grusa vegen (raud strek), ikkje stien (kvit strek) (bilde henta frå sakspapira)

Som Midtsiden skreiv om 26. november brukte CK Henie 30.000 kroner og mange dugnadstimar på å gruslegga og drenera omlag 200 meter av ein etablert sti inn til den 1,7 km lange MTB-løypa dei har fått lov å bruka på forsvaret sitt øvingsområde mellom Ulvenvatnet, flystripa på Vaksinen og Liafjellet.

– Vi ønskjer å unngå å vera så tett på flystripa når vi skal til og frå løypa, når aktiviteten i Os Aeroklubb er høg kan det, særleg for våre yngre medlemmar, vera tryggast å ta ein annan veg forbi. No har vi heldigvis fått lov til å gruslegga delar av stien som går frå Ulvensletta til Moberg, fortalde formann i CK Henie, Edvard Ramsvik då Midtsiden møtte han og dei andre medlemmane på dugnad i november.

Les saka her: Betrar sykkelforholda ved Ulvenvatnet

Meiner det ikkje er søknadspliktig

I kommunestyret 19. desember tok Nils Anders Nøttseter (MDG) opp tursti rundt Ulvenvatnet i samband med politikarane si handsaming av kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Kommunalsjef Aina Tjosås fortalde då at grusinga hadde skapt mykje uro og at kommunen hadde vore ute på tilsyn. Konklusjonen frå kommunen var at grusinga ikkje var eit søknadspliktig tiltak.

Grunngjevinga for dette har også kommunen gjort greie for i e-postutveksling med Forsvarsbygg.

Meiner kommunen har gjort feil

Staten ved Forsvarsdepartementet ved Forsvarsbygg har no klaga saka inn for Fylkesmannen i Hordaland.

– Staten er av den oppfatning at tiltaket er eit «vesentleg terrenginngrep» og søknadspliktig etter pbl. § 20-1 bokstav k). Staten har vore i dialog med Os kommune om kva vi meiner er eit ulovleg tiltak, jf. pbl. § 32-1 1. ledd, utan at kommunen har sagt seg eining.

– Det blir klaga over feil faktum, feil rettsanvendelse og feil sakshandsaming ved Os kommune sin unnlatelse av å handtere saka iht. gjeldande regelverk, heiter det i brevet frå advokat i Forsvarsbygg, Aniken Bugge, kor ho argumenterer for at tiltaket må sjåast på som eit vesentleg terrenginngrep og at kommunen difor ikkje kan frita tiltaket frå søknadsplikt.

Fekk tillatelse, men ikkje der

I brevet argumenterer Forsvarbygg med at CK Henie ikkje har fått tillatelse til å grusa stien, men å grusa deler av bilvegen frå flystripa til Brandsneset.

– CK Henie fekk hausten 2017, etter ein muntleg henvendelse til Forsvaret v/KL Roar Østerås, tillatelse til å grusa deler av ein bilveg, som sykkelklubben har nytta årleg i samband med eit sykkelritt (Os Rundt/MTB-løp «Ulven tempo». Som bevis fremlegges erklæring frå KL Roar Østerås, skriv Bugge.

I erklæringa skriv han at det har vore kontakt mellom han og sykkelklubben gjennom fleire år angående at dei kunne nytta vegen ned til Brandsneset frå flystripa i samband med sykkelløp og etterkvart spørsmål om sykkelklubben kunne grusa i hola som var i vegen, noko han gav samtykke til, då dette ikkje var i konflikt med forsvaret sine interessar. Han gav i følgje erklæringa ikkje tillatelse til å grusa stien.

– Os kommune v/Tilsynet har lagt feil faktum til grunn når den grunngjev sitt syn på saka med at tiltaket ikkje er søknadspliktig ettersom «grunneigar har samtykka», mener advokaten som også presiserer at verken grunneigar, Statsskog, eller Staten v/Forsvarsdepartementet v/Forsvarsbygg har gitt CK Henie tillatelse til å grusa stien på Ulven.

– Forsvaret er også av den oppfatning at ein slik tillatelse heller ikkje er innhenta frå forsvarssektoren, argumenterer advokaten som legg ned følgjande påstand:

«CK Hennie har utført et ulovlig tiltak/«vesentlig terrenginngrep» på Ulven ved å etablere en gruset sti på «annen manns/fremmed grunn» uten at det er gitt uttrykkelig tillatelse fra bygningsmyndighetene til dette, jf. pbl. §20-1 bokstav k), jf. pbl. § jf. § 25-1§32-1 1. ledd.

Os kommune oppfordres av eget tiltak til å se på saken på nytt. Tilsynet pålegges å følge opp det ulovlige tiltaket og vurdere rettslige sanksjoner, jf. og § 32-1 1.ledd.

I motsatt fall bes klagen oversendt Fylkesmannen i Hordaland for behandling.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.