Remy Snilstveit, som sette inn 1-0, gratulerer Alexander Thuen med 2-0-skåringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fortent siger i opprykkskampen

Søre Neset vann 2-0 heime i sesongens siste kamp. Det er framleis uvisst om dei rykker direkte opp eller må ut i kvalifisering.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag blei 6. divisjon avdeling 1 avslutta og begge laga frå Os, Søre Neset og Søfteland, kjempa om opprykk.

Søfteland tapte 0-2 for Sædalen (vi kjem med eigen sak om denne kampen).

Søre Neset vann 2-0 over Ny-Krohnborg 2.

I skrivande stund ligg Sædalen som serievinnar, men det kan endra seg.

Les òg: Opprykksdrama og protestar

Søfteland kan vinna eller tapa 3 poeng som følgje av protestane frå tidlegare kampar, Søre Neset ligg på 2. plass, men kan klatra til 1. plass om dei får gjennomslag for sin, og får 3 poeng trass tap for Søfteland for to rundar sidan.

Uansett er opprykkshåpet ute for Søfteland, som ligg eit godt stykke bak Søre Neset på målforskjell og ikkje tar 2. plassen om den eine av dei to protestane blir tatt til følgje.

To mål, to straffar og to raude kort

Målskårarar for Søre Neset var innbytarane Remy Snilstveit (straffe) og Alexander Thuen.

Søre Neset (4-4-2): Remi Lindborg - Eirik Skåtøy, Atle Gaustad, Audun Røren, Svein Øvreeide - Preben Knutsen, Frode Buvik, Øystein Lien, Ruben Aasen - Andy Lukey og Thomas Halhjem. Innbytarar med speletid: Remy Snilstveit, Alexander Thuen og Ørjan Bjørgo.

Gjestane missa på straffe, som dei fekk etter at ein spelar blei felt på løp på hjørnet av 16-meteren. Det blei stang ut. Keeper Lindborg, som tidlegare spelte spiss, kasta seg rett veg og var uansett på ballen.

Snilstveit kom innpå i andre omgang og skåra på straffe, som heimelaget fekk etter at Audun Røren blei felt i boksen på ein corner i 2. omgang. Snilstveit hadde også målgjevande pasning til Thuen, som keeper nesten rakk, men der Thuen passerte keeper og kaldt sette inn til 2-0 under press.

Det blei ingen kort i samband med straffane. Men begge laga måtte avslutta med ti mann etter at Øystein Lien og NK2-trenaren fekk kvar sine gule kort nummer to 7-8 minutt før slutt.

Fortent Søre Neset-siger

Dagens kamp i Halhjemsmarka starta jamt, med eit par småsjansar til begge lag og ei viktig klarering av Søre Neset tidleg i kampen.

Eit kvarter ut i kampen tok Søre Neset over og pressa og skapte fleire sjansar før pause.

– Eg måtta jaga litt på gutane for å få dei til å ta nødvendige løp heim for å bli spelabare når forsvaret vann ballen, og vi brukte litt tid på å finna ut av korleis vi skulle spela, seier trenar Kenneth Svenningsen.

Også andre omgang starta litt jamt, men Søre Neset tok over, styrte spelet og skapte mest. Snilstveit hadde sjanse til både å auka og få ny målgjevande pasning, Thuen hadde skot rett utanfor krysset og var nær på å skli inn 3-0 på eit godt innlegg av Sniltveit kort tid før slutt.

Er førebudd på kvalik

No står det igjen å sjå om Søre Neset får gjennomslag for klagen på Søfteland. Viss dei får medhald blir dei serievinnarar og slepp å spela kvalifisering, som i så fall blir utan Lien, som gjorde ein god kamp i dag.

– Vi er førebudd på at det blir kvalifiseringskampar på oss. Det var synd at det blei kort på Lien i dag, han gjorde ein god kamp. Men vi håper å få med Nikolaj Bigom, som har hatt ein kjempesesong, men som dessverre blei skadd i Søfteland-kampen, seier Svenningsen.

Blir det ikkje opprykk så vil Søre Neset og Nore Neset, etter det Svenningsen kjenner til, igjen splitta seg, sidan Nore Neset/Søre Neset 2 allereie har sikra opprykk til 6. divisjon.

SJÅ TABELL