Lokal | 21. juni 2016

Forureining i Os hamn

Måndag kveld var det shine av olje i elvemunningen.

Forureining i Os hamn
Blueshine i Os hamn måndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juni 2016 06:53

I 20-tida måndag blei Midtsiden tipsa om mogleg forureining i Os hamn.

– Eg har ikkje høyrd om det, men vil reisa ned å sjekka, sa brannsjef Stein Gjøsund då Midtsiden tok kontakt.

– Det kan koma frå Baronselva, som fleire gongar den siste tida har hatt shine av olje når det har vore mykje overvatn.

Etter regnskyllen måndag har den vesle elva, som renn frå Ulvenvatnet ned Holt og vidare under Byvegen og gjennom Os sentrum, fått høgare vassføring.

– Det er uvisst kvar oljesølet stammar frå, men nokre gongar er det så mykje at det luktar av elva. Vi vurderer å nytta andre metodar for å finna ut kvar dette kjem frå, fortel Gjøsund.

Han seier samtidig at det skal lite til for at store areal får sokalla blueshine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.