Sport | 14. jan. 2018

Frå 1-11 til jamne sluttminutt

– Vi sleit lenge med å få hol på byllen i dag, seier 8-målsskårar Alexander Heggø.

Frå 1-11 til jamne sluttminutt
Isak Røen skåra eitt mål i dagens kamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. jan. 2018 20:34

Os tok i dag imot Sotra i Oshallen. Bortekampen i haust enda med 27-22-siger til Sotra, i dag såg det ut som om Os skulle tapa tosifra.

– Vi sleit med å få ballen i mål i dag. For det første var keeper god, for det andre missa vi ein del. Ei stund såg det ut som om vi skulle gje opp, men det gjorde vi heldigvis ikkje, seier spelande trenar Alexander Heggø.

Os låg berre under 0-2 før Joakim Blostrupmoen reduserte. Men så kom 21 minutt utan skåring til heimelaget, som då låg under heile 1-11.

– Heldigvis kom det seg, og vi pynta litt på det til pause.

Sterk 2. omgang

Frå 5-13 kjempa Os seg opp til 17-19.

– I avgjerande sluttfase missa vi på nokre skot som kunne vore avgjerande i vår retning. Etter ein sesong med så mange tap har vi naturlegvis ikkje så mykje sjølvtillit heller, då blir det ofte til at vi misser på slutten om det byrjar å bli jamt.

– Men vi leia aldri og Sotra vann fortent, meiner Heggø.

Os - Sotra 18-20 (5-13)
Målskårarar, Os: Alexander Heggø 8, Trygve Lerch Dahl 4, Joakim Blostrupmoen 3, Isak Røen 1, Nils Andris Hamre 1 og Mats Brunvatne 1.

Os speler også neste kamp på heimebane, laurdag mot NHHI (kl 16.45).

– Fokuserer ikkje så mykje på å halda oss

Etter dagens kamp står Os med 10 tap på 10 kampar. Nokre av kampane har vore jamne, der Os har tapt med 1, 2, 3 eller 4 mål, men poeng har det ikkje blitt.

– Kampen i dag var ein vi burde vunne om vi skulle ha halde håpet om å unngå nedrykk i live.

– Men dette med å berga plassen har vi hatt mindre fokus på den siste tida. No ønskjer vi berre å få oss eit par sigrar, så får vi landa på den plassen vi gjer på tabellen.

– Vi er frå 4 til 20 på trening, men har ei stamme på 8-10 spelarar som trener mykje. Vi måtte nok hatt fleire av dei sm speler mykje oftare på trening om vi skulle gjort det noko særleg betre. Kanskje det er rett å spela i 4. divisjon neste sesong med den stallen vi har i dag. Vi har ein del flinke og ivrige ungdomar, men dei har lite erfaring med seniorhandball, og då kan 3. divisjon vera ein litt tøff arena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.