Lokal | 09. jan. 2017

Frå 3 til 6 avdelingar på Nore Neset

Trygge Barnehager vil byggje ny barnehage på Nore Neset som erstatning for det gamle kommunale barnehagebygget.

Frå 3 til 6 avdelingar på Nore Neset
På denne tomta vis a vis Skorvane FUS barnehage vil Trygge barnehagar byggje den nye barnehagen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 09. jan. 2017 10:38

I august 2010 overtok Trygge Barnehager drifta av Nore Neset kommunale barnehage og den kommunale barnehageavdelinga i Strøno. Dei hadde allereie i 2009 kjøpt ei tomt på Moldhusbakkane på Nore Neset, vis a vis det som i dag er Skorvane FUS barnehage (den gamle kommunale barnehagen), men la utbygginga på is i 2011, då det kom klare signal frå Os kommune på at det ikkje var trong for fleire barnehageplassar på det tidspunktet.

– Dei ønskjer no å setje i gong med bygging av nytt barnehagebygg og avvikle leigeforhold med Os kommune knytt til eksisterande barnehagebygg på Nore Neset, skriv Irene Ullensvang, barnehagefagleg rådgjevar i saksutgreiinga til kommunestyret.

Bakgrunnen for at saka kjem opp i kommunestyret er at Husbanken krev ny anbefaling frå Os kommune før eventuelt vidare arbeid med nytt barnehagebygg kan iverksettast.

Frå 76 til 117 barn

Dagens Skorvane FUS barnehage er ei 3-avdelingars barnehage godkjent for 76 barn om alle er over 3 år.

– Det ligg føre planar for ein ny barnehage med 6 avdelingar for ca. 117 barn i alderen 0 – 6 år, inneareal er oppgitt å være 608,7 m2 og utvendig leike- og opphaldsareal er oppgitt å vere 3186 m2. Innvendig leike- og opphaldsareal er oppgitt å skulle vere i høve til forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler mv. 4 m2 for barn over 3 år og 5,3 m2 for barn under 3 år.

– Ved å la Skorvane FUS barnehage AS få auka frå 3 til 6 avdelingar så er Os kommune tilbake til same tal avdelingar som før Sælehaugen barnehage AS avvikla drifta pr. 31.03.16.

Å etablere fleire barnehageplassar i Nore Neset krins vil føre til at fleire familiar vil ha tilgang til barnehageplass i sitt nærmiljø i tillegg til at ein får frigjort barnehageplassar i sentrum., heiter det vidare i saksutgreiinga, som òg peiker på at dangens barnehagebygg på Nore Neset er eit kommunale bygg i dårleg forfatning, og at det treng utbetringar for å leve opp til dagens krav knytt til barnehagedrift.

Ikkje lenger overkapasitet

Administrasjonen er positive til at Trygge barnehagar får bygga ny 6-avdelingars barnehage på Nore Neset, men forutset at dei samstundes held fram med å drifta den eine avdelinga i Strøno.

– Det har vore ei samla overkapasitet på barnehageplasser i Os kommune på bakgrunn av to store kull som begynte på skulen i 2014 og 2016 i tillegg til etablering av Borgafjell barnehage desember 2013. Det er mangel på barnehageplassar i Nore Neset krins pr. i dag og det er to barnehagar i området;, Skeibotnen barnehage med 5 avdelingar og Skorvane FUS barnehage AS med 3 avdelingar.

– På bakgrunn av at Os kommune er ein vekstkommune så veit vi at behovet for nye barnehageplassar vil auke. Pr. i dag er det ingen ledige barnehageplassar i Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.