Sport | 17. aug. 2017

Frå Austevoll og Aarhus

Lysekloster har til no denne sommaren fått fem nye spelarar. Her er dei to ferskaste signeringane.

Frå Austevoll og Aarhus
Bjånesøy (t.v.) og Hjørngaard er dei to nyaste skota på Lysekloster-stamma. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. aug. 2017 09:08

I førre veke signerte Lysekloster midtbanespelaren Joachim Bjånesøy (21). No er også danske Kaspar Hjørngaard (32) klar.

– Til no er vi oppe i fem nysigneringar i sommar, og vi er så og seia i mål. Vi jobbar med ein spiss, så det kan bli nok ei signering om kort tid, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

På same tid har klubben mista sju spelarar, blant dei er Tommy Gaustad, Thomas Helland og keeper Chris Sunde Midtun.

Til Noreg med proff kjæraste

Kaspar Hjørngaard kjem frå Danmark til Noreg for å følgja kjærasten, Sofie Bloch Jørgensen, som har skrive proffkontrakt med Sandviken.

Sjølv kjem Kaspar frå klubben Aarhus Fremad, som speler i dansk 2. divisjon.

– Vi har fått eit godt nettverk utanfor Hordaland. Det var danskane sjølv som tok kontakt med oss, seier Kollen.

– Kaspar er ein rutinert og sterk spelar som vi no får inn som midtstoppar.

Hjørngaard er utdanna idrettspedagog og har spelt fotball på høgt nivå heile livet sitt.

Midtbanespelar med målteft

Joachim Bjånesøy frå Austevoll har hatt 2,5 ungdomsår i Brann, spelt for Norge U16 og vore noregsmeister med Brann sitt juniorlag.

Etter eit halvt år for Fana i 2015 gjekk han tilbake til Austevoll.

Der har han no spelt 61 kampar og skår 10 mål, 4 av dei i løpet av vårsesongen 2017.

– Joachim er ein teknisk god midtbanespelar som har eit potensiale vi no skal prøva å få utnytta fullt ut.

Lysekloster sin neste kamp er som kjent derby mot Os førstkomande søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.