Lokal | 07. aug. 2017

Frå Bergen til Os med nesten 2 i promille

Fekk melding om vinglete elbil som køyrde inn i autovernet.

Frå Bergen til Os med nesten 2 i promille
Sikta møtte i retten og tilsto, men slapp ikkje å sona. (Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. aug. 2017 09:41

Ein mann frå Os blei stoppa klokka fem om morgonen, ein laurdag i februar, mistenkt for promille.

Blodprøve stadfesta mistanken, sikta hadde 1,83 i promille.

Bilførar, ein mann i 50-åra frå Os, møtte i retten og tilsto.

Retten fann det ikkje bevist at han hadde køyrd inn i autovernet, men såg det som skjerpande at han hadde køyrd vinglete, og over ein så stor strekning som frå Bergen til Os.

At han tilsto påverka talet på dagar han må sona, men verken tilståinga eller andre formildande forhold var tilstrekkeleg til at retten kunne vika frå prinsippet med fengsel utan vilkår for så høg promille.

Sikta blei dømt til 21 dagar fengsel, 60.000 kroner i bot og til å mista retten til å køyra bil i 2 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.