Ole Nedrelid Øvredal, Os Brasil (G9) og Elias Kobbeltvedt, Jada G10, sorterer Brann-sokkar som skal sendast til Karanba i Brasil (foto: Andris Hamre)

Frå Brann til Brasil

Klubbar frå heile Hordaland har slutta seg til insamlingsaksjonen til Jadakameratene.

image
image
image
Av: Andris Hamre

I slutten av mars gjekk Jadakameratane ut og fortalde at dei, i samband med at dei hadde fått ny utstyrsleverandør og nye draktsett, ville gje alt det gamle utstyret til Karanba i Brasil. Umiddelbart fekk dei med dei andre klubbane i Os.

• Les òg: Hjelpa kom fram (etter Os og Bjørn Mjelva sin aksjon for Karanba i 2011)

No har også resten av Hordaland hengt seg på.

– Vi fekk umiddelbart ein supergod respons frå over alt.

– Minde skal som oss skifte leverandør og alt utstyr og gir vekk alt det gamle. Frå Brann har vi fått tre store sekkar med utstyret som A-laget nytta i fjor, så no blir det fotballungar i Rio som kan kle seg i sokkar, shorts og gensar frå mellom anna Jakob Orlov, fortel Christoffer Kobbeltvedt i Jadakameratane.

• Visste du at Os, med blant andre Erik Kanestrøm og Frode Moberg, slo Karanaba 1-0 i Norway Cup i 2010?

300 par sko

Andre klubbar som har meldt at dei vil bidra er Ask, Åsane, Askøy og Sotra. Også Jada sin nye utstyrsleverandør, Macron, har kome med utstyr.

– Macron har òg sendt ut e-post til alle klubbane dei sørvar og oppmoda dei om å delta i aksjonen. Dei har òg kompetanse på korleis vi skal få skipa utstyret over til Brasil, fortel Kobbeltvedt.

– Så langt har vi eigentleg berre hatt tid til innsamling saman med Os Turn i klubbhuset tysdag og torsdag før påske. Allereie har vi fått inn noko slik som 300 par fotballsko, men vi har plass til mykje meir.

Det er ikkje berre fotballklubber som kan bidra.

– Os handball kom med ni kassar. Skiklubbar, basketklubber og andre er også hjarteleg velkomen.

– Ikkje gløym privatpersonar. Det er berre å rydda bodar og skap og koma med joggesko, fotballsko eller innesko. Då vi sto i klubbhuset på torsdag strauma det på med folk og gjerne saman med ungar som kom med fotballskoa dei hadde vekse ut av. Eg trur mange tykkjer det er ein fin måte å lære ungane at ikkje alle har det slik som vi har det i Noreg, skyt Elisabeth Nedrelid frå Os Turn inn.

Held fram over påske

Aksjonsgruppa har fått låna lokala som frivilligsentralen tidlegare heldt til i, på den gamle brannstasjonen, for å samla og sortera utstyret.

– Vi set veldig pris på at kommunen har stilt med lokale til oss. Vi håper det blir mykje å sortera etterkvart.

– Innsamlingsaksjonen er ikkje over. Vi kjem til å gjera eit par ting helga etter påske, så det er berre å følgje med på facebooksida vår, så kjem det informasjon om kor ein kan levera inn utstyr, avsluttar aksjonsgruppa.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.