Øyarevyen 2018

Frå dør til dør for å fleipa med folk

Øyane Street View: Slagkraftig og tight lokalrevy!

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag var det, for andre år på rad, tid for Øyarevyen. Revyen erstattar «Øybuen», ein tekst som blei skriven til kvar haustfest mange år på rad, med sladder og skråblikk på året som var gått og kva folk i krinsen hadde utretta sidan sist.

– Haustfesten har blitt flytta til januar, me styrer det etter kva som passar revygruppa, fortel formann i ungdomslaget, Ivar Bøthun.

Ungdomslaget har halde høgt aktivitetsnivå dei siste åra. Før fjorårets revy var det vasslekkasje og omfattande opprusting på dugnad. Golv blei skifta, det blei lett ominnreiing og det kom nye toalett. Alt blei ferdig torsdag kveld veka før festen.

– Før årets fest har me pussa opp inngangspartiet og kjøpt ny ytterdør. Me har òg fleire prosjekt på gang, seier Ivar.

Haustfesten, som er i januar, er éi av fleire inntektskjelder. Førre store fest var for nokre veker tilbake, i romjula.

– Det var heilt fantastisk stemning! Me lo litt då Undercover var og rigga, og Jens Aasmundseth spurde kor mange billettar me hadde selt. «4», svarte eg, og han blei litt bleik i trynet. «Slapp av, du e' i Øyane no», sa Olav (Skorpen). Då dei byrja å spela 22.30 på kvelden var det fullt hus.

Så kom revyen

På utdrikkingslaget til Christer Røttingen for to år sidan viste det seg at den komande brudgomen og kameraten Asbjørn Austevoll hadde sådd første frø til ny revy. Ivar var glad for initiativet, og revyen blei ein suksess.

Til årets revy hadde det kome nok eit medlem i revygruppa, som no består av; Christer Røttingen, Asbjørn Austevoll, June Strønen Halhjem, Robert Bøthun, Hugo Hansen, Andreas Årvik, Evy Renate Fyllingen og nykomar Ann-Christin Heggland.

– Alle er amatørar, utanom Hugo Hansen, som blant anna har fartstid i Fyllingesdalen Teater og DNS, fortel Ivar.

Gunn Austevoll og Dorthea Garvik står for sminke, Kristian Bruarøy og Kari Marie Austevoll Lyssand står for lyd og lys. Dei fire er òg del av teamet med å setja revyen saman.

Superlokal - eller berre super?

Årets revy fekk tittelen «Øyane Street View». Ideen, og gjennomføringa, der dashbordkamera filma køyreturar frå dør til dør, var ikkje berre ein god, raud tråd - køyreturen var morosam i seg sjølv. Publikum heldt pusten, kven er den neste dei skal fleipa med, samtidig var det lagt inn nokre fintar, der dei anten rygga ut og skreiv «neste år» (kjekt å ha hengande over seg i 12 månadar), eller blei jaga vekk.

I motsetnad til andre revyar i Os, ser Øyarevyen lite i retning Os sentrum og rådhuset. Men med ordføraren som inventar, og eitt og anna kommunestyremedlem som sambygding vest om bruo, blir det eit visst kjendispreg over nokre av sketsjane.

Revygruppa klarer seg likevel veldig fint utan å fleipa med dei store sakene i lokalpolitikken. Jau, det kom eitt og anna sleivspark i retning bru over Bjørnafjorden og avliving av Hamnesjefen, men det passa godt inn.

Du treng dessutan ikkje å vera i politisk posisjon for å skriva deg inn i revyen, det held å vera eldsjel, å kjøpa det dyraste huset i Os (usett), å bygga basseng i hagen, å bruka for mykje dynamitt, å fly helikopter - eller å låna bil av ein sann venn.

Avsluttinga på revyen var hard kost. Her blei bygdas største løyndom avslørt; kva er det eigentleg «Gutteklubben Grei», søndagdsklubben til mannfolka i øysamfunnet driv med? Sit dei verkeleg og drikk øl saman kvar einaste søndag?

– Vi kjenner ikkje bakgrunnen for desse historiane, men vi synest det er knallbra! Flinke skodespelarar, gode poeng og mykje fin song, sa revyveteranane frå Nor og ne, Susan Askvik og Linda Nytræ.

Dei to, som har vore med på å synga song om livet i Øyane, har nærmast skrive seg inn i neste revy. Om det var tørsten eller fordomane om drikkekulturen i Øyane som fekk dei til å ta med seg ein sekspakning og ein pose chips til ekstraframsyninga, veit vi ikkje. Men dei var dei einaste i salen som drakk øl på framsyninga klokka 17, som i praksis var for barnevaktane til dei som skulle på festframsyninga klokka 20.

Dei 130 billettane til festframsyinga på kvelden var utselt, i ekstraframsyninga var det òg over 100 i salen.

Øyane treng kanskje større ungdomshus, men vi håper dei held revyen superlokal - og super. Sketsjane sat spikra, songane var fine og morosame, og dei styrte stort sett klar fella som er lett å gå i når du lager lokalrevy, lange nummer med bra kostyme eller kulissar, men nesten utan punchline. Dette var tight!