Sport | 18. aug. 2017

Frå Fana til Os

Etter to sesongar i 2. divisjon har Skage Simonsen Lehland (19) blitt klar for Kuventræ.

Frå Fana til Os
Skage S. Lehland mellom dagleg leiar og lagkamerat Endre Brenne og trenar Hassan El Fakiri. (Foto: Os Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. aug. 2017 21:01

Fleire klubbar i bergensområdet la i 2015 merke til den talentfulle ungdomen på Sandviken sitt A-lag, men det var Fana som signerte Skage, som då var 17 år.

Han har vore på banen i 41 kampar for A-laget, og 7 for Fana 2, på to år (to halve og éin heil sesong).

No har han signert med Os.

– Lehland er ein offensiv og sterk spelar med god teknikk og fint driv, seier Hassan El Fakiri.

Hovudtrenaren til Os har vore på jakt etter å styrka stallen i sommar, og fekk hjelp av naboklubben over fjellet.

– Skage ville ha endå meir speletid, og ser sjansane sine som større no. Vi er glade for at han kom til oss, og for dialogen vi har med Fana il, seier El Fakiri.

Første signering i sommar

Os har frå før lånt keeper Thomas Hille av Fana. Hille har nyleg kome tilbake frå eit langt skadeopphald og har byrja å stå for A-laget.

Lehland er, med unntak av Alexander Mjånes Tøssebro (17) frå eigen klubb, den einaste nye spelaren på A-laget etter at Os styrka stallen med Alexander Dale frå Austevoll i starten på juli.

Skage har kontrakt med Os ut sesongen.

• Midtsiden samleside: Os A-lag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.