Kultur | 16. aug. 2017

Frå Japan til England på to timar

Os hagelag inviterer til to hagebesøk på éin dag, i to svært ulike hagar

Frå Japan til England på to timar
Walle sin hage til venstre, Rosvold sin hage til høgre. (Foto: Os hagelag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. aug. 2017 06:15

I Os er det mange som er interessert i hage og Os hagelag har dette året hatt som prosjekt å presentera ulike hagar. «Hagemangfald i Os» har vi kalla prosjektet, og laurdag 19. august vil vi presentera to nye.

Den eine er asiatisk inpirert, den andre minnar om ein engelsk landskapshage.

Den eine hagen er Otto og Sølvi Walle sin hage, som ligg midt i Os sentrum. Både huset og hagen har ei lang historie og er kjent for mange. Den ligg der som ein oase og er inspirert av asiatisk hagekunst.

I hagen er det mange ulike rom, der kvart rom har sin karakter. Her er det plass til både badebasseng, ulike dammar, ulike hus og sitteplassar. Til og med eit japansk hagerom.
Hagen er prega av ro og fred. Ein spennande hage der du vil få mange flotte idear til nye hageprosjekt.

Den andre hagen ligg òg nær sentrum, i Utgjerdet 22. Der finn vi Margreth Lyssand Rosvold og Rune Rosvold sin hage.

Her legg vi merke til store velforma plenar med organiske linjer. Midt i dei rolege formene så ser vi eit spennande berg som er blitt frigjort frå vekster og mose. Her ser vi sprekker og heilt spesielle former som naturen har laga sjølv.

Hagen er fint planta til med roser og ulike stauder. Ein hage som spelar på lag med naturen og kan minne om ein engelsk landskapshage.

Vi startar hagevandinga i Os sentrum hos Otto og Sølvi. Etter det besøker vi hagen til Margreth og Rune. Det er gode parkeringsforhold begge stadar. Det vil bli servert kaffi, saft og kaker.

Jan Helge Gram Eggestøl
Os hagelag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.