Lokal | 24. nov. 2017

Frå Kina for å læra av Os

– Eg er spent på kva dei ventar av oss, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Frå Kina for å læra av Os
I 9.30-tida i dag tok Os kommune imot denne kinesiske delegasjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. nov. 2017 10:43

Fredag formiddag kom ein delegasjon frå Kina til Os.

– Dei tok kontakt på seinsommaren, via The European China Policy Unit (ECPU). I utgangspunktet skulle dei koma i oktober, men dette blei utsett til i dag, seier Daniel Skotheim.

– Vi er spente og synest dette er litt stort, eg veit ikkje om det har vore offentleg besøk frå Kina til Os kommune før. Eg veit heller ikkje heilt eksakt kva dei er mest interesserte i å høyra om.

Besøket kjem frå Ankang, som i utgangspunktet var eit fylke, men som i 1998 fekk status som by på prefekturnivå, og har over 2,6 millionar innbyggarar. Deltakarane er leiar for ulike einingar i Ankang, frå helse og kultur til areal og ressursar.

Seks av gjestane er frå Angkang, tre er frå ECPU.

– Vil snakka om turisme

Ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) skal ha innleiinga av møtet før Skotheim følgjer opp med ein presentasjon.

– Vi kjem innleiingsvis til å visa den fine musikkvideoen og nyinnspelinga av «Song til Os». Sjølv vil eg snakka om turisme og fortelja om blant anna oselvaren, Lysøen, Lysekloster, Oseana og Solstrand.

– I tillegg kjem Fredrik Seliussen for å snakka om Lyseparken.

Møtet blir avslutta med lunsj i Oseana.

Gjestane frå Angkang:
Chen Yong, chairman i Ankang Consultative Province, Shaanxi Province
Guo Delin, chief, Health Bureau
Yang Haibo, chief, Bureau of Culture
Liao Kunbo, chief, Bureau of Land and Resources
Wang Lin, The CPC Party Working Committee of Ankang Municipal Gaoxin District
Ru Fuyi, president, Ankang Centre Hospital

Lang historie med norsk misjon

Før møtet visste ikkje Skotheim korleis kinesarane hadde funne eller valt Os som destinasjon.

Ifølgje Wikipedia starta norske evangelisk lutherske Frikirke misjonsarbeid i Angkang i 1916. Det blei bygd ei kyrkje i Angkang i 1933, som blei sprengt i lufta under kulturrevolusjonen i 1967, men i 1992 sto ei ny kyrkje klar.

Fleire jernbanespor kryssar i Angkang, som er eit knutepunkt for kinesisk landtransport.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.