Sport | 02. juli 2014

Frå Madrid til Lysekloster

Han har vore del av ungdomsavdelinga til Real Madrid, Enric Taberner Palmer, som på seinsommaren kjem til Lysekloster for å halda fotballskule.

Frå Madrid til Lysekloster
Enric Taberner Palmer. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juli 2014 08:36

I 2012 blei det spanske takter i Framo Lysekloster Idrettspark, då fotballgruppa inviterte ungdom frå naboklubbar i Os og Bergen til fotballskule med instruktørar frå European Elite Football.

– Responsen var veldig god! Vi hadde cirka 50 deltakarar, som er omtrent det vi har plass til, seier dagleg leiar i idrettslaget, Ørjan Sandal.

Klubben har plan om å halda fram med spansk fotballskule annakvart år og til årets skule, som blir arrangert frå 12. til 16. august, er det allereie rundt 40 påmeldte.

– Deltakarane er frå 9 til 16 år. Vi har nok flest rundt 12 til 14 år og flest gutar, men også fleire jenter er med.

Frå Os og Bergen

Deltakarane er frå dei fleste klubbane i Os og frå fleire klubbar i Bergen.

– Vi hadde blant anna ein god gjeng frå Gneist og dei er tilbake i år, noko vi ser på som eit godt teikn.

Fleire nye instruktørar

Fire spanske trenarar og ein spansk leiar tar i august turen til Lysekloster. Alle alderstrinna på skulen får spansk instruksjon.

Lysekloster stiller med eigne trenarar som assistentar (og tolk for dei yngste), medan European Elite Football styrer fotballskulen.

– Ein av instruktørane er Enric Taberner Palmer, som har UEFA PRO-lisens og har bakgrunn frå fleire spanske klubbar. Han har erfaring frå blant anna ungdomsavdelinga til Real Madrid, fortel Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.