Lokal | 21. aug. 2014

To frå Os i nytt E39-utval

I går blei det orientert om framdriftsplan for ferjefri E39, og sett ned eit arbeidsutval der Søviknes og Bahus er to av ni representantar.

To frå Os i nytt E39-utval
Terje Søviknes, her på møtet i Oseana 17. mars i år, er del av eit nytt arbeidsutval på ni personar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. aug. 2014 07:54

Bildeserie:

Vegen vidare, frå kommunal plan. (Ill.: Statens vegvesen)
Vegen vidare, frå kommunal plan. (Ill.: Statens vegvesen)
Med ferjefri veg kan reisetida mellom Stavanger og Bergen bli halvert. (Ill.: Statens vegvesen)
Med ferjefri veg kan reisetida mellom Stavanger og Bergen bli halvert. (Ill.: Statens vegvesen)
Inndelinga av prosjektet. (Ill.: Statens vegvesen)
Inndelinga av prosjektet. (Ill.: Statens vegvesen)
Prosjektet har mykje natur og mange interesser å ta omsyn til. (Ill.: Statens vegvesen)
Prosjektet har mykje natur og mange interesser å ta omsyn til. (Ill.: Statens vegvesen)
1 av 4
Vegen vidare, frå kommunal plan. (Ill.: Statens vegvesen)
Med ferjefri veg kan reisetida mellom Stavanger og Bergen bli halvert. (Ill.: Statens vegvesen)
Inndelinga av prosjektet. (Ill.: Statens vegvesen)
Prosjektet har mykje natur og mange interesser å ta omsyn til. (Ill.: Statens vegvesen)

Måndag 17. mars arrangerte Statens vegvesen oppstartmøte for E39 Hordfast, Aksdal-Bergen, i Oseana.

Forsvaret, fylkeskommunen og ordførarar frå kystkommunar i Hordaland var blant dei inviterte.

Les òg: Fekk innspel til Aksdal-Bergen

I går hadde Hordaland fylkeskommune invitert berørte kommunar, fylkeskommunar, arbeidstakarorganisasjon (LO), arbeidsgjevarorganisasjon (NHO) og diverse næringsaktørar til møte om ferjefri E39/Hordfast.

Der blei det orientert om vegen vidare - og sett ned eit arbeidsutval.

Lokal innsats for statleg plan

Det blei oppretta eit kontaktutval (ekstern referansegruppe, som Statens vegvesen kallar det) som får mandat å driva lobbyering ovanfor nasjonale styresmakter og å koordinera lokal behandling av plansaker knytt til dei komande nye vegtraseane og brua.

– Eit eige fokus blir tverrforbinding til ny E39 og kryssløysningar langs traseen, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Det blei også konkludert med at kontaktutvalet skal ha eit arbeidsutval, og dei som blir sitjande i denne er; byråd i Bergen Henning Warloe, ordførarane i dei fire kommunane Os, Tysnes, Fitjar og Stord, ein representant frå LO og NHO, fylkesordførar Tom Chr. Nilsen og leiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus.

Vegen vidare

Etter KVU og KS1 er det no arbeid med statleg kommunedelplan. Prosjektleiar Signe Eikenes frå Statens vegvesen orienterte om vidare framdrift.

– Det er verdt å merka seg at målet er vedtak av planprogram, altså program for kva planen skal innehalda, våren 2015. Vidare er det mål om vedtak av ferdig plan og oversending til departementet i juni 2016.

Men etter fagmøtet i går er det også fleire andre datoar og tidspunkt å merka seg:

• Onsdag 27. august er frist for levering i konkurranse på både flytebru og rørbru frå Reksteren til Os.

• Bølgje- og straummåling i Bjørnafjorden skal vera ferdig i september. (Vindmåling pågår i 2 + 3 år).

• Møte i planforum 14. oktober.

• Nye møte i planforum og ekstern referansegruppe i februar.

• Optimalisering av brutype, ferdig i mai/juni 2015.

– Allereie i haust blir det truleg invitert til ope folkemøte i Os, og i dei andre kommunane som er direkte påverka, om framdrift og innhald i planarbeidet, fortel Søviknes.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.