Frå Rio til Røykenes

Onsdag blei ein god dag for Linda Andersen; 20. sesongopning for vegkroa og dottera Hanne tilbake for å hjelpa til.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 20 år har dagen før skjærtorsdag vore sesongstart for vegkroa på Røykenes. I går var det tid for å starta softis-maskina igjen, og ein god time før opning kom 4. generasjon Andersen inn døra, direkte frå Flesland.

Hanne Catrine (H.C.) Andersen (22) delte ut varme klemmar og tok på seg forkledet, klar for hektiske påskedagar og like høgt tempo gjennom resten av våren og sommaren.

– Hanne og kusina Therese Hatlevik har vore på reise i fire månadar Turen starta i India og enda i Brasil, at eg fekk ho heim akkurat i dag var heilt perfekt, seier mamma Linda Furhovde Andersen.

Vant med varme vintrar

At Hanne tok seg ei lang reise i varmare strøk er naturleg, frå ho var rundt 2 år har ho budd på Gran Canaria vinterhalvåret.

– Då eg starta vegkroa var det nettopp for å ha noko å driva med frå vår til haust, for eg hadde allereie lyst til å vera i Spania vinterhalvåret.

Mannen Dag måtte pendla litt mellom Søfteland og Puerto Rico, men Linda og mora Turid Vinnes budde fast på Gran Canaria saman med ungane Hanne og storebror Ronny.

– Dei gjekk på norsk skule i Arguineguin dei månadane vi var i varmen, og det fungerte veldig bra. Dei låg faktisk bak pensum då dei kom ned om hausten og framfor då dei kom heim om våren.

Tok opp drifta etter svigerbestemor

Det var i forkant av at landsskyttarstemna skulle til Os i 1992 at Linda tok ein prat med svigerfar Jahn Andersen. Bestemora til mannen Dag, Anny Andersen, dreiv kiosk på tomta ein lang periode, men la ned midt på 70-talet.

På motsett side hadde det også vore kiosk, men i starten av 90-talet var det berre på bensinstasjonen til svoger Erling Andersen at det noko å kjøpa.

– Eg fekk liv i kiosken igjen i 1992. Året etter var det utviding frå kiosk til gatekjøkken, seinare har vi utvida litt i fleire trinn.

Hektisk heile sesongen

Linda fortel om populære hamburgarar med spesialbestilt krydder frå Sverige og softis som sikker vinnar.

– Vi har blitt kjent for ein del av rettane våre og har mange faste gjestar. Men vi fungerer i hovudsak som ein stoppestad langs vegen, trafikken mellom Stavanger og Bergen gjev oss ein god marknad, det er fullt kjør frå påske til vi stenger i september eller oktober.

Kortare turar

Spania-turane har blitt kortare etter at ungane var ferdige med grunnskulen.

– Det er ikkje det same lenger, å reisa vekk for lengre periodar utan dei. Men det blir nokre turar kvar vinter, seier Linda.

Brunfargen hennar avslører at det ikkje er lenge sidan sist spansk sol fylte D-vitamin-lageret hennar.

– Vi har blitt kalla trekkfuglar av vennar og kjente, men det er vi ikkje lenger.

Hytter og utviding

I 2001 utvida Linda med to hytter for utleige. Desse har meir eller mindre fullt belegg året rundt.

– Om vinteren leiger vi ut til arbeidarar, om sommaren har vi mange turistar. Kapasiteten på overnatting i Bergen er ofte knapp, og då dryppar det på oss i Os.

Trass i at E39 om nokre år hamnar i tunnel frå Os til Fana går Andersen med planar om utviding. Akkurat kva ho vil bygga seier ho ikkje mykje om, men eit stykke av nabotomta er allereie sikra.

– Vi treng meier å by på, sa Linda Andersen med eit lurt smil før ho sprang på kjøkkenet for å ta siste førebuing før sesongstarten i går.