Kultur | 10. apr. 2014

Frå storbyjungel til Amazonas

Det er ikkje berre enkelt for ein byfugl å reise på tur til Amazonasjungelen. Søndag kan du sjå Rio 2, samt den norske ungdomsfilmen Natt til 17. på Bygdekinoen.

Frå storbyjungel til Amazonas
<strong>Rio 2</strong> (Distributør: Twentieth Century Fox Norway). <strong>Natt til 17. </strong>Fra venstre: Burhan Ahmed, Mohammed Alghoul, Torkel Dommersnes Soldal, Samakab Omar og Kaan Kozanli. (Foto/Copyright: Maipo Film).
Kari M. Lyssandtorsdag 10. apr. 2014 08:46

Søndag 13. april blir det påskekino i Oseana, med filmane Rio 2 og Natt til 17.

Rio 2

I oppfølgjaren til animasjonsfilmen Rio frå 2011 har papegøyane Blu og Jewel fått tre ungar og saman bur dei i storbyen.

Då familien tek turen inn i Amazonasjungelen for å helsa på slekta møter Blu store utfordringar. Heilt ute av sitt rette element, i eit ukjent land må Blu konfrontere sin argaste konkurrent; Blu sin pappa! I tillegg er Nigel tilbake og Blu må kjempe for å unngå hans djevelske planar for hemn.

Det er dei samme kjende stemmene som var med i fyrste filmen. Aksel Hennie har stemma til Blu, medan Maria Haukaas Mittet gjev stemme til Jewel. Tilbake er også Tshawe og Yosef som stemmene til Nico og Pedro.

Filmen startar klokka 16.00 og er tilleten for alle.

Natt til 17.

Gutane Sam og Amir på 15 år har kjent kvarandre heile livet og er som brødre. Den kjensla kjem til å endra seg drastisk det neste døgnet. Amir prøver å få tilbake eks-kjærasten Thea, men det han ikkje veit er at Sam er i ferd med å bli saman med ho.

Når dei finn ut at dei er begge forelska i same jenta er det starten på ei tilsynelatande uløyseleg konflikt mellom dei to. Konflikta berre akselererar utover kvelden og natta. Er dette slutten på venskapet deira, eller blir det ei løysing til slutt?

I rollene: Samakab Omar, Mohammed Alghoul og Thea Sofie Lock Næss.

Filmen startar klokka 19.00 og har 11 års aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.