Lokal | 18. aug. 2017

Framdrift på Lyssand

Gatelys kan koma i oktober, men Hegglandsdalsvegen må utbetrast og flyttast før gangveg kan byggast.

Framdrift på Lyssand
Delar av Hegglandsdalsvegen skal utbetrast og flyttast før ny gang- og sykkelveg blir bygd. (Lesarbilde, foto: Erik Ask)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. aug. 2017 09:26

I mars byrja det brått å skje noko på vegstykket mellom Hauge og Valla på det som tidlegare har blitt kalla den mørkaste skulevegen i Os.

Dette stykket av Hegglandsdalsvegen (fv137), mellom bustadområdet på Hjelle og Hatvikvegen, har verken gangveg eller gatelys.

Vegen fekk prioritet på rådhuset og oppmåling starta i mars.

• Les òg: – Eit bilde på kor utrygg vegen er

Prosessen held fram

I mai blei det klart at det ikkje berre var til å byrja å grava. Delar av vegen må utbetrast og noko av vegen skal flyttast.

– Gang- og sykkelveg skal gå på sørvestsida av bilvegen, derfor skal vegen flyttast inntil muren langs Lyssandfabrikken. I dette området har vegen også sige ein del, så det skal gjerast noko punktvis utbetring, fortel kommunalsjef Aina Tjosås.

I mellomtida ville Os kommune starta med legging av av vatn og avlaup på strekket frå fabrikken til Hatvikvegen, men her ventar dei på tekniske krav frå vegvesenet, så ikkje dei grev så tett på bilvegen at fundamenta til denne blir svekka.

– Prosessen går heldigvis vidare. Vi har hatt fleire møte, seinast i førre veke, og skal ha nytt møte i neste veke, der vi ventar å få eit kostnadsoverslag.

Gatelys kan koma i oktober

Etter møtet i førre veke har kommunen dessutan fått beskjed om at det ser ut til å koma lys langs den mørke vegen.

– Det ser no ut som om vi får på plass midlertidige gatelys, og at desse kjem i oktober.

Eksisterande lys skal skiftast ut, i tillegg må det setjast opp ein del nytt, då store delar av strekket er utan lyktestolpar.

– Dette med å få på plass lys snarast råd har vi vore strenge på. Eg har forstått det sånn at svingen ved fabrikken og bort til elva og brua blir prioritert først når det kjem til lys, seier Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.