Lokal | 17. apr. 2011

Framleis bekymra!

LESARINNLEGG, Elin Hanevik: Eg, med fleire, sit fortsatt igjen med sentrale og ubesvarte spørsmål.

Framleis bekymra!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. apr. 2011 06:30

Eg vil takka for flott arrangement av KFU sist torsdag. Vel blåst! De tok oss gjennom kvelden med stil. Verre var det med stilen til eindel av politikarane… Eg, med fleire, sit fortsatt igjen med sentrale og ubesvarte spørsmål.

Eg etterlyser framleis sterkt kva tiltak ein set i verk for at skulen kan halda seg innanfor opplæringslova.

Harald Døsen var den einaste som svara ærleg på spørsmålet om kvalitet, og om han var nøgd med kvaliteten i Os skulane i dag. ”Det veit vel vi for lite til å kunna svara heilt konkret på” sa han. Og takk for det ærlege svaret seier eg! For kva veit eigentleg politikarane, som nok ein gong skal kutta i skulesektoren, om kvaliteten i skulen? Og på kva måte skaffar dei seg kunnskap? Er dei på besøk i klasseromma og ser på dei reelle tilhøva? Og kva meiner politikarane er kvalitet i skulen?

Ein spesialpedagog reiste seg og sa at ho faktisk ikkje hadde bøker eller anna naudsynt utstyr til å kunna hjelpa seg med, og utfordra ordføraren på dette.

For Søviknes vart innspelet ”eit for konkret tilfelle” til at han kunne svara på akkurat dette. Om ein spør elevane om dei har bøker i alle fag, og om kvaliteten på desse, er eg sikker på at mange av dei klarar å svara konkret på spørsmålet. Hadde dei leiande politikarane gjort jobben sin grundig og undersøkt tilhøva i skulen i dag, hadde dei kjapt sett at manglande og gamalt utstyr slett ikkje er så spesielt og konkret for akkurat denne spesialpedagogen, men meir det normale.

Ei anna problemstilling foreldre i Symrasalen var oppteken av var lærartettleiken. Dette avfeia Søviknes med at ifølgje statistikken er det ca 12 elevar pr. lærar så dette var ikkje noko emne til diskusjon. Fleire politikarar nikka bekreftande.

Eg undrar sterkt på korleis ein har rekna seg fram til dette talet? Eg vonar me foreldre får ei grundig forklaring. Vi veit nemleg kor mange elevar det er i våre born sine klassar og skjønar ikkje kor dette 12 talet kjem ifrå. Uansett statistikk så opplever stadig fleire at det lovpålagte tilbodet om tilpassa opplæring ikkje blir gjennomført pga manglande ressursar. Det som betyr noko for eleven i klasserommet, er kor mange lærarar og andre vaksne det er tilstades inne timen når han treng hjelp. Dersom det ikkje er nok vaksne i klasserommet, går den tilpassa opplæringa i vasken og brotet på opplæringslova er eit faktum.

Ordføraren sa at han ikkje hadde kjennskap til noko forsking som underbygde at det var samanheng mellom fleire lærarar i klasseromma, og betre fagleg resultat for elevane. Dette meiner eg vert eit skrekkeleg tynt argument. Det seier seg vel sjølv at har ein fleire pedagogar og assistentar, har ein samstundes fleire som kan hjelpa elevane i timane når dei skal læra?! Ein treng vel ikkje at nokon forskar seg fram til dette?

Proppar ein 20 kundar inn i ein frisørsalong med berre èin frisør tilstades, seier det seg vel sjølv at ein ikkje kan tilpassa behovet til alle desse kundane i løpet av 45 min like godt som om ein hadde vore fleire. Nokon vil farga, andre vil ha det kort med øyrene og andre igjen er svært hårsåre…

Elevane er på mange måtar kundane til lærarane og kommunen, og no er det på tide at lærarane må få dei rammene dei treng for å kunna gjera jobben skikkeleg.

Utan nok folk og skikkeleg utstyr er det nemleg kvaliteten det går utover. Eg skulle likt å sett resultatet, etter 45 minutt, frå frisørsalongen med 20-25 kundar og èin frisør på jobb…Då hjelper det lite med fokus på kvalitet som Søviknes også var oppteken av, for kvaliteten vert det vel så som så med uansett kor dyktig denne eine frisøren er...

Skulebruksplanen vart lagt fram i korte trekk også, og Søviknes uttrykte undring over at det ikkje var ”halleluja” stemning i salen. Eg og mange foreldre har lese planen som ligg på nettsidene til kommunen og eg må sei det ser fantastisk flott ut!! Dersom denne lar seg gjennomføra…for planane er mange og store! Og summane ein skal bruka på denne flotte planen er forsvinnande små i mine auge…

Ein treng ikkje gå lengre enn til Askøy som er ein kommune Os ofte samanliknar seg med. Der heldt ein på å byggja på og rusta opp skular. Fauskanger skule skal byggjast ut slik at antall elevar dei kan ha på skulen kan aukast frå 214 til 320 elevar. Fauskanger skal ferdigstillast iløpet av 2011 – 2012 og har ei øvre kostnadsramme på 135 millionar. Kleppestø Ungdomsskule skal byggjast ut frå 340 elevar til å kunna ta imot 630 og har ei øvre kostnadsramme på 193,4 millionar kroner.

Os kommune derimot, skal ifølgje skulebruksplanen som vart vist på torsdag bruka forsvinnande lite pengar til å byggja ut td Kuventræ skule. Kuventræ skal etter planen byggjast ut frå ca 215 til maks 350 elevar og det til den nette sum av 10 millionar kroner.

Den totale ramma i skulebruksplanen slik Lasse Stoltenberg la det fram under paneldebatten var på 221.8 millionar kroner. Då er bygging av ny ungdomsskule, opprusting av Os ungdomsskule, Halhjem Barnetun, Kuventræ skule, Lysekloster skule teken med. Eg må sei at Os kommune verkeleg har gjort ein revolusjonerande jobb med hensyn til å kunna klara slike utbyggingar til denne låge prisen. Eller er det Askøy kommune som har valgt veldig dyre løysingar?? Ikkje veit eg, men det hadde vore interessant å sjå anboda frå entrepenørar og arkitektar med fleire, på dei store oppgåvene dei skal gjera med skulane kontra det Os kommune har sett av av midlar.

Oseana vart òg etter kvart eit tema i salen, og det vart sett spørsmål til kor naudsynt dette var mht pengebruken. Ein del politikarar meinte at Oseana var eit av tiltaka ein kunne spart seg og heller nytta midlane til skule.

Ordføraren tok då til ordet og sa at dersom ein skulle takka nei til eit så fantastisk kulturhus der ¾ av kostnadane vart sponsa av andre, ville det vore dumt. Men er det eigentleg dumt?

Har ein ikkje likevel brukt 86 millionar ein eigentleg ikkje har? Og kva med dei mange overskridingane vi les om? Kvar vert pengane til dette teke av? Sparar eg pengar dersom vi kjøper ein knall stilig kjole på sal eller har eg likevel brukt pengar? Eg har likevel brukt pengar! Eg meinar at pengane Os kommune har nytta på Oseana er pengar som med stor forldel kunne vore nytta til å betra tilhøva til borna våre. Ikkje eit ord vart dessutan nemd angåande driftskostnadane Os kommune har pådratt seg ved å byggja Oseana. Oseana er eit fantastisk tilbod til alle born i Os og ein av grunnane til dette er at heile kulturskuletilbodet vert flytta hit, seier ordføraren. Men er det eigentleg det?

Eller er Oseana for dei elevane som har vore heldige å ha komen inn på kulturskulen og betalar for denne eine fiolintimen i veka?

Og elles dei som har foreldre som kan betala billetten til andre arrangement? Og kva med leigekostnadane i Oseana vs Fjellheim? Spørsmåla er mange og eg håpar at ordføraren og andre kan svara endå meir konkret enn det dei gjorde i Symrasalen!

Elin Hanevik – framleis bekymra mor!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.