Næringsliv | 24. juli 2016

Framleis drift i Os' minste daglegvare

Då han overtok i 1985 tredobla han omsetnaden på eitt år. No jobbar pensjonist René Kronenberger over 50 timar i veka - som hobby.

Framleis drift i Os' minste daglegvare
René Kroneberger er pensjonist, men held framleis butikken open seks dagar i veka - året rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. juli 2016 21:02

Det er høgsesong hos den minste daglegvarebutikken i Os kommune, men langt ifrå det tempoet det var «før i tida».

– No er det meir som ein kiosk, bestseljarane er nok brus, snop, is og tobakk. Men eg har litt daglegvarer òg, tørrvarer og hermetikk, varer som ikkje går ut på dato med det første.

René E. Kronenberger fyller 70 år i august, men har framleis ope seks dagar i veka, til saman 53 timar i veka.

– Eg er pensjonist, men ser ikkje nokon grunn til å stenga. Kva skulle eg elles gjera på? spør han, utan å venta noko svar.

Frå Sveits til Os

Kronenberger er frå Sveits og utdanna seg til agronom på Jæren før han jobba som avløysar på Fusa.

Familien dreiv ein butikk i Bergen i fleire år, som selte dameklede og kosmetikk. Der var det som oftast kona og svigerinna som var bak disken.

– Så fekk eg høyra at det var rom for å overta butikken på Drange.

Stor vekst på 80-talet

Kronenberger overtok i 1985. Året etter skal omsetnaden ha auka frå 700.000 til 2,5 millionar kroner.

– Vi utvida opningstidene. Sveitsarar liker å jobba.

Også den gong var det stor forskjell på sommar og vinter, det er mange hytteeigarar på Drange.

– Det var som om du skrudde av ein brytar då sesongen var over.

Held ope heile året

Om han og kona, som også hjelper til i butikken, skal på tur, så stenger dei av. Elles er det ope året rundt.

Dei har heller ikkje plan om å stenga eller selja.

– Det er sonane våre som eig bygget og nabotomta no. Kanskje vil dei utvikla eigedomen med tida, kanskje kan det vera grunnlag for ein større butikk ein dag.

– Sjølv om dei fleste no tar turen til Os og handlar alt der, er det framleis folk som kjem innom og kjøper noko. Eg synest det er hyggeleg å møta folk og trivst godt med pensjonistkvardagen i butikken, så då er det berre til å halda det gåande, seier Kronenberger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.