Lokal | 26. apr. 2018

Framleis ledige plassar

Stor variasjon i interessen i krinsane for Røde Kors sine gratis førstehjelpskurs.

Framleis ledige plassar
Kristian Strønen i Os Røde Kors fortel at det er fleire ledige plassar på dei gratis førstehjelpskursa som starter neste veke (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. apr. 2018 08:19

Onsdag i neste veke rullar Røde Kors i gang aksjonen 100kurs - tre timars gratis førstehjelpskurs.

– I samarbeid med Ungdomslaga og Aktivitetshuset på Nore Neset gjennomfører vi sju kurs. Det blir Kurs i ungdomshusa på Søre Neset, Lysefjorden, Strøno, Hegglandsdalen og Søfteland. I tillegg blir det kurs på Nore Neset Aktivitetshus og Røde Kors Huset i Kolskogheiane, fortalde Kristian Strønen i Os Røde Kors då aksjonen blei lansert i førre veke.

Eitt fullteikna

Etter ei veke kor påmeldinga har vore open fortel Strønen om stor variasjon på interessa rundt i krinsane.

– Kurset på Søfteland er fullteikna. På Nore Neset og i Strøno er det også bra med påmeldingar og berre eit par plassar att. I Os og Søre Neset er interessa brukbar, men der har vi fleire plassar ledig.

– Når det gjeld Lysefjorden og Hegglandsdalen så er det labrare. Der er det henhaldsvis berre éin og to påmeldte.

– Eg veit ikkje kvifor det er denne variasjonen. Vi skulle gjerne hatt fleire med. Repitisjon av førstehjelpskunnskapen er noko alle treng. Plutseleg ein dag står du der og treng kunnskapet. Då er det greitt å ha det friskt i minne, påpeiker Strønen, som håper ei lita påminning vil gjera at fleire melder seg på.

– Det er berre å gå inn på 100kurs.no og velgje Os Røde Kors i lista som kjem opp. Deretter velgjer du den staden du vil gå kurset, avsluttar Strønen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.