Lokal | 17. juni 2016

– Framleis over 500 utan straum

Her er kabelen som blei skadd under gravearbeidet i dag.

– Framleis over 500 utan straum
Det skal koma nytt dekke heilt til den gamle brannstasjonen. Men første steg ut i krysset blei elektrisk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. juni 2016 08:55

Bildeserie:

Tre høgspentkablar tett i tett, minst éin av dei med skade. (Foto: KVB)
Tre høgspentkablar tett i tett, minst éin av dei med skade. (Foto: KVB)
Klokka 10.36 skal over 500 ha vore utan straum. (BKK.no)
Klokka 10.36 skal over 500 ha vore utan straum. (BKK.no)
1 av 2
Tre høgspentkablar tett i tett, minst éin av dei med skade. (Foto: KVB)
Klokka 10.36 skal over 500 ha vore utan straum. (BKK.no)

Klokka 07.51 i dag gjekk straumen på og rundt Kuventræ, i 8.30-tida gjekk straumen også aust om Oselvo.

Fleire plassar har fått straumen tilbake, men framleis skal det vera over 500 abonnentar som ikkje har straum.

– Sto ikkje i kartet

Årsaka til straumbrotet er gravearbeid på Øyro. Arbeidet med nytt dekke har byrja å flytta seg i retning Lundehjørnet og den tidlegare brannstasjonen, men første steg ut i krysset blei elektrisk.

– Eg var ikkje borti med grabba, så eg merka det ikkje i maskina. Det må ha vore ein stein eg flytta som har skrapt borti kabelen, seier maskinføraren.

I holet ligg tre høgspentkablar, éin av dei har eit stort, synleg brot.

– Dei sto ikkje i kartet eg grev etter.

Fleire følgjefeil

Anne Mette Tuvin hos BKK Nett seier fleire no har fått straumen tilbake, men at det framleis (kl 10.36) er 546 abonnentar som er straumlause.

– Kvifor får eit kabelbrot i Os sentrum følgjer for så store delar av Os?

– Det er tre høgspentkablar i grøfta, og ved store feil og jordfeil kan dette spreia seg ut i nettet og skapa følgjefeil.

Det er minst to andre feil som er oppdaga ute i nettet.

– Vi har fått kopla om, men det er uvisst kor tid dei siste får straumen tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.