Sport | 09. okt. 2017

– Framsto som eit lag

Trass firemålstap gler trenar Alexander Heggø seg over framgangen.

– Framsto som eit lag
Trygve Lerch Dahl skåra fem og var viktig i forsvar. Her då BSI vitja Oshallen i forrige sesong (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 09. okt. 2017 11:34

Handballherrene til Os fekk ein tøff start på sesongen då dei tapte med heile 27 mål, og skåra berre ti, mot Åsane i slutten av september. http://www.midtsiden.no/skara-berre-ti-mal

I søndagens kamp mot BSI borte var det tydeleg framgang å spore.

– Vi begynner litt som forrige kamp og kjem dårleg ut det første kvartet. Etter femten minutt ligg vi bak 3-11. Då gjer vi ei justering i forsvaret som gav resultat. Dei siste 45 minutta framstår vi som eit lag, seier trenar Alexander Heggø.

Til pause har Os knappa innpå og ligg berre fem mål bak.

BSI - Os 28-24
Utv: BSI 1x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 5, Nils Andris Hamre 2, Mats Brunvatne 3, Isak Røen 5, Hans Brunvatne, Erik Vågen 1, Kristian Bruarøy, Kasper Lyssand Haugland, Preben Madsen 8, Ludvig Egge Drange.

Sjå tabell

Knappa innpå

Dei siste 45 minutta er Os på høgde med vertane, men lukkast ikkje heilt med å ta att forspranget.

– Vi er eit par mål bak fleire ganger. Vi kjem aleine med keeper, men bommar og får mål i mot i staden eller vi får ei utvisning som gjer at vi aldri klarar å ta dei att. Vi bommer rett og slett litt når det skal avgjerast.

Nysignerte Preben Madsen blir toppskårar for Os.

– Preben har ikkje spelt handball på halvannan år, så han treng litt meir tid, men han er på gang. Det var også godt å ha Trygve Lerch Dahl tilbake, spesielt i forsvar. Kjekt er å det også å sjå Mats Brunvatne som skårar tre. Han har blitt flinkare til å ta seg betre tid i avslutninga og har tatt nokre steg i løpet av hausten. Eg har sett det på trening også, fortel Heggø.

«Blo» tilbake mot Sogndal

Årets første heimekamp går laurdag 21. oktober mot nyopprykka Sogndal.

– Det blir ein veldig viktig kamp. Heldigvis har vi då fått med oss Joakim Blostrupmoen igjen. Eg har sakna ein venstrehendt spelar etter at Jørgen Wold gav seg, så det blir bra å få den dimensjonen å spela på også, avsluttar Os-trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.