Sport | 12. mars 2015

Fredrik frå start

Fredrik Heggland tilbake frå skade. Startar som høgreback for Brann mot Ålesund.

Fredrik frå start
Fredrik Heggland spelte også då Brann møte Ålesund på La Manga i fjor (foto: SK Brann)
Andris Hamretorsdag 12. mars 2015 13:28

Med salget av Andreas Vindheim frå Brann til Malmø har det opna seg ein moglegheit for Fredrik Heggland. Fredag startar han som høgreback når Brann speler mot Ålesund på Color Line Stadion.

– Vi har missa ein høgreback i Vindheim, så no er det berre å gripa moglegheiten.

– Men, høgreback, det er vel ikkje der du har pleid å spela?

– Nei, eg har stort sett vore midtstoppar, men det blei eit par kampar i fjor på backen, fortel Fredrik Heggland.

Vore ute med skade

Det har ikkje vore mykje spel på Heggland så langt i oppkøyringa til sesongen.

– Eg har vel berre spelt 45 minutt så langt denna sesongen.

– Mykje av grunnen til det skuldast nok at eg har vore skadd.

– Eg har slitt med ein strekk i leggen, men den kjenner eg ikkje noko meir til no.

– Dei siste par vekene har eg fått trent godt og kroppen kjennast bra ut.

Skal ha ein prat

Om uttaket er eit signal på at Heggland er nærare start-elleveren til Brann veit han ikkje.

– Eg har ikkje snakka med Rikard Norling enno, så eg veit ikkje no kor eg står.

– Men vi skal ha oss ein prat i løpet av ei vekes tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.