Sport | 16. okt. 2014

Fredrik signerte proffkontrakt

Fredrik Heggland signerte torsdag tre års proffkontrakt med SK Brann.

Fredrik signerte proffkontrakt
Fredrik Heggland og Fredrik Pallesen Knudsen har signert proffkontrakt med Brann (foto: Ørjan Håland, Brann)
Andris Hamretorsdag 16. okt. 2014 12:39

Den unge midtstopparen frå Os har gjort god figur for Brann 2 denne sesongen. Saman med midtstopparkollega Fredrik Pallesen Knudsen signerte Fredrik Heggland (18) torsdag proffkontrakt med Bergens flaggskip.

– Dette er to fantastiske signeringar for sportsklubben Brann, seier hovudtrenar Rikard Norling til Brann.no.

Midtsiden har ikkje lukkast i å koma i kontakt med osingen, men til klubben si heimeside seier han:

– Det er ein enorm inspirasjon å signera denne kontrakten no før vinteren. Det blir mykje trening i månadene som kjem.

Heggland vil vera i ein utfordrarposisjon når A-laget samlast i januar, men før det skal han mellomanna spela NM-finale for juniorar mot Lillestrøm i november.

Fredrik Heggland kom frå Os Turn til Brann før 2013-sesongen. Kontrakten er på tre år og gjeld frå 1.1. 2015 og ut 2017-sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.