Lokal | 13. sep. 2017

Freista fly 27 røyster frå Os til Os

27 røyster blei aldri telt med i Stortingsvalet. Dei var nemleg i feil Os kommune.

Freista fly 27 røyster frå Os til Os
27 røyster kom aldri fram til rette Os kommune (ill.foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 13. sep. 2017 11:12

I samband med stortingsvalet har ein kunne førehandsrøyste i andre kommunar enn den ein er folkeregistrert i. Desse røystene har då kommunen sendt vidare til kommunen dei skulle teljast med i. For å vera gyldige måtte dei vera framme i den nye kommunen innen klokka 17 tysdag ettermiddag.

Då valstyret skulle godkjenna møteprotokollen frå valet onsdag kom det fram at ikkje alt hadde vore som det burde ha vore.

– Vi hadde ei hending i går førmiddag. Kommunen fekk då ein telefon frå Os kommune i Østerdalen som hadde fått feil tilsendt 27 røyster som skulle ha vore til oss, fortalde ordførar Marie Bruarøy (H).

Sette himmel og jord i bevegelse

Ordføraren fortalde vidare at rådmannen og kommunen hadde gjort alt dei klarte for å få dei 27 røystene i hus innan klokka 17.

– Rådmannen fekk kommunen som hadde sent dei feil til å ta kostnaden med helikopter, men det lot seg ikkje gjera. Grunna flytid så rakk ein ikkje å fly herfrå til Os og tilbake innan fristen. Vi undersøkte om det fantes helikopter i nærområdet til Os i Østerdalen som kunne fly hit. Det var eitt på Hardangervidda, men det kunne ikkje gjera det grunna vêret.

– Vi gjorde alt vi kunne for å få fram røystene fordi vi verdsett demokratiet så høgt, men i går lot det seg rett og slett ikkje gjera. Eg er lei for at det er 27 veljarar som ikkje har fått fram stemma si. Det skjedde etter ein menneskeleg svikt, oppsummerte Bruarøy.

To fekk røyste dobbelt

Til gjengjeld viste protokollen at to stykkjer har fått røysta to ganger. Begge gangene med teljande stemmer.

– Vi hadde ein som i Os Nord har fått stemt to ganger. Det blei ikkje oppdaga før etter at stemmeseddelen hadde blitt stempla og lagt i urna. Vi hadde også eit tilfelle på Søre Neset kor ein allereie hadde stemt under den ambulerande stemmegivinga på Os vgs, men ikkje fått med seg at det var ei gyldig stemmerunde og difor kom for å røysta også på valdagen.

– Dette blei heller ikkje oppdaga i tide. No er det umogleg å vita kva desse har stemt, så kva utslag det har fått veit vi ikkje.

– Begge desse tilfella er også menneskeleg svikt. Det står i systemet med lita rød skrift om nokon allereie har røysta, men det er truleg ikkje tydeleg nok. Det er noko vi vil melda tilbake til dei som har utvikla systemet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.