Sport | 02. sep. 2014

Friluftsliv i sentrum

Barnas Turlag og Os frivilligsentral flyttar aktivitetsdag frå osmarka til sentrum. – Årets løype er tilgjengeleg for alle, strålar Tove Hille.

Friluftsliv i sentrum
På kyrkjeflaten kan du treffa speidarane frå KFUM/KFUK på søndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. sep. 2014 12:13

Søndag inviterar Barnas Turlag og Os Frivilligsentral saman med ei rekkje andre frivillige organsiasjonar til aktivietsdag i og rundt Os sentrum.

– Denne turdagen på hausten har vi pleid å ha i Osmarka, men i år hadde vil lyst å prøva noko nytt.

– Difor flyttar vi arrangementet til Os sentrum og området utover mot Lyngheim, fortel Tove Hille, leiar i Os Frivilligsentral.

Håpar på rekordoppslutning

Søndag er det meldt strålande sol frå skyfri himmel.

– I fjor var det heile 250 deltakarar i eit skikkeleg grusomt vêr.

– Året før deltok 480, så eg håpar og trur med dei vêrmeldingane som er for søndagen at vi kan setja ny deltakarrekord i år.

Swing, speiding, Oselvar og fiske

Årets rundløype startar ved Rådhuset i Os sentrum frå klokka 11.

– Løypa går derfrå til Telthusplassen kor Os Swingklubb held oppvisning og show.

– Derifrå går ho vidare til Kyrkjeflaten kor speiarane i Os KFUM/KFUK stiller med lavvo og aktivitetar, forklarar Hille.

Vegen går vidare i retning av Oselvarnaustet kor Oselvarlaget står klare med båtar til utlån.

– Det er viktig at dei som vil prøva ro har med seg redningsvestar.

– Turen går vidare frå Oselvarnaustet til moloen på Haugsneset kor representantar frå Os Jakt og Fiskelag står klare til å la unge og gamle freista fiskelykka.

Ope lemstove og grillar

Turen endar på Lyngheim, kor Lyngheims vener har opna lemstova i samband med arrangementet.

– Der blir det mogleg å kjøpe vaflar og kaffe, eller å grilla på bålpanna til Barnas Turlag.

– Undervegs på turen blir det òg ei naturløype med spørsmål, kor turlaget stillar med premie til dei yngste.

– Vi trur denne løypa vil passe dei fleste. Den går i lett terreng og er godt framkommeleg både med barnvogn, rullestol og rullator, så her kan heile familien frå minstemann til bestemor vera med, avsluttar ei entusiastisk Tove Hille.

Arrangementet er ein del av Turistforeningen sin nasjonale «Kom deg ut-dag».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.