Kultur | 09. sep. 2017

Frisk entré før countrykvelden

Vellykka samarbeid mellom Oseana, Er-An Veikro og Os Amcarklubb.

Frisk entré før countrykvelden
Veronica og Linda etter cruising frå Er-An Veikro til Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. sep. 2017 10:03

Bildeserie:

Før avreise frå Røykenes. (Privat foto)
Før avreise frå Røykenes. (Privat foto)
Dag, Os' mest erfarne amcar-stablar, klar for å dirigera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dag, Os' mest erfarne amcar-stablar, klar for å dirigera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veronica ville fotografera ankomst, og lagde seg eit forsprang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veronica ville fotografera ankomst, og lagde seg eit forsprang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så kom resten av kortesjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så kom resten av kortesjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ikkje alle gjestane kom med bil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ikkje alle gjestane kom med bil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med og utan tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med og utan tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stø kurs med Grindevoll bak rattet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stø kurs med Grindevoll bak rattet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sånn har ikkje Oseana-platået sett ut før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sånn har ikkje Oseana-platået sett ut før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Så lenge vi får brukt litt bensin så er vi med, seier Jarl Henning (t.h.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Så lenge vi får brukt litt bensin så er vi med, seier Jarl Henning (t.h.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Amcarentreen lagde stemning før konserten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Amcarentreen lagde stemning før konserten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 10

Fredag for ei veke sidan fortalte Oseana om eit komande samarbeidsstunt før Rita Erikssen skulle hylla Eva Cassidy i Oseanasalen.

Eigen Eva Cassidy-meny på Er-an Veikro etterfølgd av transport i amcar frå Røykenes til konserten.

– På kort varsel kom det både bilførarar og middagsgjestar. Vi hadde over ti bilar, 28 «Eva Cassidy»-gjestar på ein frå før travel kveld, og 17 av desse som anten sette frå seg bilen eller kom seg til Røykenes på anna vis, for å vera med på kortesjen til Os. Det var kjempegøy! synest vegkrosjefen Linda Andersen.

Menyen besto av blant anna biff, søtpoteter og bullfighter-saus.

Stilte opp - med og utan tak

Os Amcarklubb sto først klar med ti bilar, men rett før avreise var det fleire bilførarar som meldte seg til teneste.

14 glis sto klare til avreise etter middag på Er-An.

– Det er alltid kjekt å cruisa, så lenge vi får brukt litt bensin så er vi med, seier Jarl Henning Hetleflåt frå Os Amcarklubb.

Oseana og Er-An Veikro fortel om svært nøgde passasjerar og gjestar, og rettar ei stor takk til amcarklubben!

– Noko å bygga vidare på

Veronica Søilen Halhjem frå Oseana, som tok initiativ til samarbeidet, var sjølv passasjer.

– Linda var med med éin gong, det same var amcarklubben. Det er kjekt å gjera noko ekstra ut av enkelte arrangement, og vi ventar ikkje lengre enn til neste fredag med å gjera noko saman igjen.

Billettsalet var òg bra til konserten, tidlegare på dagen fredag var salet passert 320 billettar.

Kjærleik i fokus

Neste fredag kjem Helge Jordal, Tor Endresen og Hilde Økland til Os med framsyninga «Book of love».

Før konserten kan du pleia kjærleiken med ein romantisk middag hos Er-An Veikro.

– Vi set opp ein skikkeleg amerikansk «candlelight dinner»-meny, som kokkane våre allereie er i gang med å planlegga, fortel Linda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.