Sport | 23. apr. 2009

Frithjof Wilborn til Os!

Os Fotball AS har fått ny dagleg leiar.

Frithjof Wilborn til Os!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2009 14:01

Tidlegare Brann-spelar, TV-kjendisen Frithjof Wilborn blir dagleg leiar i Os Fotball AS.

- Med Frithjof Wilborn får vi meir enn ein kjent person, vi får ein mann med mykje fotballkunnskap, godt humør og mykje energi, seier styreleiar Ole-Vidar Skaathun.

Det er berre rundt ti dagar sidan selskapet kom i kontakt med kandidaten. I går blei kontrakten signert, Wilborn blir fulltidstilsett dagleg leiar for Os Fotball AS.

- Os er rette staden for meg!
Wilborn har spelt fotball for både Strømsgodset og Brann (29 kampar og 3 skåringar i 1987-1988). Han har også utdanning og erfaring som fotballtrenar i tillegg til sportserfaringa si frå TV-bransjen.

- Eg har mange tankar om korleis ein klubb, eller som i dette tilfellet, eit selskap som gjev økonomiske rammer til ein klubb, kan drivast. Os har både tradisjon, historie og geografisk plassering som gjev grobotn for satsing, seier Frithjof til midtsiden.no.

- Og ikkje minst, både selskapet og det sportslege har ambisjonar utan å gapa for høgt. Dei vil i Adeccoligaen, men har plassert målet fleire år fram. Det skal bli ei kjekk utfordring i noko som ser ut til å vera eit hyggeleg miljø å jobba i, legg han til.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.