midtsiden

Fritt vilt frå i morgon av

Laurdag startar hjortejakta. Sjekk kor mange hjort som blei felt i Os i rekordåret 2010.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, september 9, 2011 - 15:14

Laurdag 10. september startar hjortejakta. Hordaland er største hjortefylke i Noreg etter Sogn og Fjordane.

For tredje året på rad blei hjortejakta større enn elgjakta i 2010. Totalt blei det, på landsbasis, felt 2.700 fleire hjort enn elg.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Sjølv om enkelte hevdar å ha sett elg i Os i det siste er det førebels berre storviltjakt på hjort.

Og hjortejakta i Os var rekordstor i fjor, 146 dyr tilsvarar 93,6 prosent av den samla kvoten.

Til samanlikning blei det felt 85 dyr i 2005.

Her kan du sjå 2010-kvotene og fellingsstatistikken for kvart hjortevald i Os.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11