midtsiden

Frode på Fox Sports

I helga var han på Arm Wars i Tyskland, om to veker reiser Frode Veim Haugland til Nevada - for å bryta mot ein med berre éin fot.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, april 18, 2011 - 22:49

Regjerande norsk og nordisk meister i handbak, osingen Frode Veim Haugland, har gjort reint bord i Eurosport sine Arm Wars dei siste to åra.

I helga var det ny runde, denne gong mot den svenske meisteren Niklas Nannestad i tyske Düsseldorf.

– Vi bryter begge i -85 kilo. Niklas er nordisk meister med venstre og eg i høgre, fortel Frode.

3-3 med begge armar

Dei to har møtt kvarandre i fire finalar i nordisk meisterskap, Frode har vunne med høgre arm begge gongane, Niklas med venstre.

– Denne gong blei det jamnare med begge armar.

Laurdag var det 3-3 etter 6 rundar med høgre, søndag blei det 3-3 etter 6 rundar med venstre arm.

USA neste

Arm Wars slår seg saman med The UAL (Ultimate Armwrestling League) i USA med eit sirkus av eit handbakstemne ved Lake Tahoe i Nevada 29. april.

The UAL blir vist både på Eurosport og på Fox Sports West og har alt du ventar av eit maskulint amerikansk idrettsarrangement, også eigne «ring girsl».

– Det blir stort, kjekt å få spandert på seg ein sånn tur, seier Veim Haugland og det internasjonale Arm Wars-uttaket.

Osingen er saman med svensken han braut mot i helga dei einaste frå Europa som skal over dammen.

Mista fot - mista vekt

Frode gler seg til turen, men er litt uroa for ein skade han fekk i helga.

– I første runde med høgre arm mot Niklas så kjente eg at olbogen svikta. Eg vann første runde, og 4. og 5, men braut dei siste på rein vilje. Eg er framleis sår i armen.

Dessutan veit han at han møter ekstremt sterk motstand i USA.

– Han heiter Chad Silver og er veldig sterk. Han er så vidt under 85 kilo og er 50 cm rundt overarmen.

– Det at han manglar ein fot er nok med på å gjera at han kan vera stor og sterk, men samstundes lett nok til å konkurrera mot ein mellomvektar som meg.

Ekstern lenkje
Her kan du lesa meir om The UAL

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11