Lokal | 21. sep. 2016

Front mot front i Langedalen

Politiet har oppretta sak etter ein kollisjon på Søfteland tysdag kveld.

Front mot front i Langedalen
Politiet rykte ut til Langedalen i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. sep. 2016 07:27

Tysdag klokka 20.30 rykte politi, brannvesen og ambulanse ut til melding om kollisjon på toppen av Langedalen.

– Ingen skal ha blitt alvorleg skadd, men éin av dei to bilførarane skal ha fått seg ein liten skade i hovudet, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Airbag blei løyst ut på den eine bilen og det var noko lekkasje av kjølevæske på staden.

– Den eine bilen skal ha klart å stoppa, den andre ikkje. Skuldspørsmål blei ikkje avgjort i går, det er oppretta sak på ulykka.

Førarane er menn, den eine i 20-åra, den andre i 40-åra. Bergingsbil var og henta minst éin av bilane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.