Lokal | 29. aug. 2011

FrP, AP, skule og eldreomsorg

LESARINNLEGG, Terje Søviknes (Frp): Presiserar kvar Frp står innan skule og eldreomsorg.

FrP, AP, skule og eldreomsorg
Andris Hamremandag 29. aug. 2011 07:07

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her

AP og Lars Atle Skorpen utfordra nyleg Os FrP til å presisere kva vi meiner om skule og eldreomsorg. Det skal vi meir enn gjerne gjøre. Våre viktigaste primærtenester står ALLTID øvst på prioriteringslista, men i år har vald å understreka dette ekstra sidan Os kommune står framfor store planlagde utbyggingar på både skule og eldreomsorg. Dette krev politisk merksemd frå alle parti.

Skulebruksplanen med investeringar for vel 220 mill kroner i 2011-15, med ny ungdomsskule på Nore Neset og modernisering/utviding av Os ungdomsskule, Kuventræ skule, Hegglandsdalen skule, Nore Neset skule, Halhjem skule og Lysekloster skule er det største løftet. I tillegg kjem utbygging av nye sjukeheimsplassar på Lurane i 2015-16, og fleire seniorbustader sentralt i kommunen.

Det er spesielt på driftssida vi meiner Os AP har drive ”elendighetsbeskrivelse” dei siste vekene.

Vi er alle samde i at vi gjerne skulle gitt auka driftsrammer til både skule, eldreomsorg og andre primæroppgåver, - men den økonomiske ramma vi har til disposisjon er ikkje større. Og alle analysar syner at vi får mykje ut av ressursane i Os kommune. Administrasjonskostnadane er låge, og KOSTRA-tala for kor stor del av dei samla inntektene vi prioriterer til skule og omsorg er gode. Vi nyttar t.d. 38,2% av inntektene på skule mot 32,7% i gjennomsnitt i kommunegruppe 7 og 29,6% for heile landet. Tisvarande tal for eldreomsorg er 32,1% i Os mot 32,9% i kommunegruppe 7 og 33,8% for heile landet. Vi nyttar altså relativt meir på skule enn gjennomsnittet, og om lag det same på eldreomsorg som snittet av norske kommunar.

Vi veit det er tronge økonomiske rammer på dei fleste tenesteområda, men takka væra solide tilsette i Os kommune vert det kvar dag levert gode tenester som ikkje står attende for det vi finn i andre samanliknbare kommunar. Med det inntektsgrunnlaget som Os kommune har, er det ein utopi å tru at vi kan bli best i landet på alt slik AP og Skorpen lovar. Det er ganske enkelt å kasta blår i augo på folk. Som tidlegare rådmann i Os burde Skorpen vita betre.

FrP sin målsetting er at vi til ei kvar tid skal levera best mogelege primærtenester til osingane, basert på det ressursgrunnlaget vi har. Og at vi kvar dag skal strekkja oss for å bli litt betre enn vi var i går. Å byggja stein på stein er ein god strategi som alltid ber frukter.

KOSTRA-tala over syner at FrP/H har prioritert dei viktigaste tenestene først. Det interessante er at AP med nesten ingen unnatak har røysta for den same ressursfordelinga og dei same investeringsprosjekta som FrP/H dei siste åra. Om dei meiner dette har vore feil, - kva tiltak er det i så fall dei no i ettertid meiner dei ikkje skulle ha støtta?

Og kanskje enda meir interessant. Kva tenesteområde og investeringsprosjekt skal dei i kommande periode velja vekk sidan dei skal satsa så mykje meir på skule og eldreomsorg enn alle andre. Etter at også AP har sagt nei til eigedomsskatt i Os, er den økonomiske kaka AP har til fordeling like stor som den vi andre har. Skal deira lovnader på skule og eldreomsorg følgjast opp, må noko anna prioriterast vekk. Vi finn ingenting om dette i AP’s partiprogram, - snarare ei rad med nye store utgiftsposter på dei fleste tenesteområda, t.d. kommunalt oppkjøp av dyre strandeigedommar. Det store, og framleis ubesvarte spørsmålet i denne valkampen vert difor; - korleis skal AP og Skorpen finansiera sine lovnader? Kva pengar er det AP har, som ikkje vi andre har?

Terje Søviknes (FrP)
Ordførar Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.