Næringsliv | 06. mai 2016

Fryktar ikkje uttale frå vegvesenet

Buskane utanfor restauranten er fjerna og Roger Johannessen har tru på at det kan bli uteservering.

Fryktar ikkje uttale frå vegvesenet
Her ønskjer iSushi å bygga terrasse for servering. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mai 2016 08:10

Bildeserie:

Dei første skissene til uterestauranten. (Ill.: Roger Johannessen)
Dei første skissene til uterestauranten. (Ill.: Roger Johannessen)
Slik vil dei endra utearealet, ifølgje nabovarselet. (Ill.: ABO)
Slik vil dei endra utearealet, ifølgje nabovarselet. (Ill.: ABO)
Onsdag blei buskane rydda vekk. (Foto: KVB)
Onsdag blei buskane rydda vekk. (Foto: KVB)
No er plassen open og klar om løyvet kjem. (Foto: KVB)
No er plassen open og klar om løyvet kjem. (Foto: KVB)
1 av 4
Dei første skissene til uterestauranten. (Ill.: Roger Johannessen)
Slik vil dei endra utearealet, ifølgje nabovarselet. (Ill.: ABO)
Onsdag blei buskane rydda vekk. (Foto: KVB)
No er plassen open og klar om løyvet kjem. (Foto: KVB)

Tysdag fortalte vi om uttale frå Statens vegvesen i samband med iSushi sitt nabovarsel med plan om uteservering ved Hatvikvegen og Osbrua.

Onsdag blei buskane utanfor restauranten kappa ned.

– Akkurat ryddinga av bedet har ikkje eg ansvar for, det er nok huseigar som har tatt affære, seier iSushi-eigaren.

Om restauranten får lov å servera ute skal det etablerast terrasse over bedet.

«Tror vi må oppdatere SVV»

– Vi er negative til ei varig etablering av uteservering på staden, mellom anna fordi det ligg for nært veg og fordi vi på sikt ønskjer å utvida brua over elva for å få betre tilhøve for gåande og syklande på fylkesveg 552, uttaler Statens vegvesen i saka.

– Det har aldri vore snakk om at vi skal ta av fortauet. Dei skal vel uansett ikkje utvida veg eller fortau inn på huseigar sin eigedom? undrast Johannessen.

Ordførar Terje Søviknes brukte kommentarfeltet i artikkelen, der han skreiv dette:

«Tror vi må oppdatere SVV på at Osbrua nylig er utvida med bedre gang- og sykkelfelt...»

Prikken over i-en

Restauranten, som opna for ein månad sidan, har fått ein god start.

– No er det siste i ferd med å koma på plass. Shuffleborda er monterte og i bruk og vi får snart inn ein buesofa vi har bestilt.

– Vi jobbar med ei online-løysing på takeaway, då vi i periodar har problem med å vera gode nok til å svara telefonen. Bemanninga er bra, men med litt stor arbeidsbelastning på nokre av leiarane, som òg har ansvar for restaurantar i Bergen, så vi søkjer etter ny restaurantsjef.

Uteservering står høgt på ønskjelista til restauranten.

– Det var jo det første eg sa då vi såg lokalet, her vil det vera perfekt å sitja å sjå på hamna mens du nyter eit måltid. Dette med uterestaurantar tett på øvrig trafikk av bilar og folk får dei til mange andre stadar, som Bryggen i Bergen, eg håper vi klarer det i Os òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.