Sport | 17. sep. 2009

Fryktar topping

Os A-lag er klar for playoff, og det får 4. divisjonskonkurrenten til Os 2, Valestrand Hjellvik, til å uroa seg.

Fryktar topping
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2009 13:01

Os er uansett utfall av sesongens siste fem rundar klar for kvalifiseringskampar for opprykk til 2. divisjon. Samstundes ligg Os 2 og kjempar om 2. plassen i 4. divisjon, noko som vil gje opprykk til 3. divisjon.

Sundag skulle Os 2 møtt serieleiar Øygard, men kampen blei utsett grunna juniorkamp same dag. No er Valestrand Hjellvik, klubben Os 2 knivar om andreplassen med, urolege for bruk av A-spelarar på Os 2.

"Dette har i alle fall ført til at spekulasjonane no er i gang. Det er ikkje så rart sidan førstelaget til Os no er klar for playoff og kan triksa litt med spelarstallen og flytta førstelaget ned på andrelaget og omvendt. I så fall vil dei styrka sine sjansar for opprykk med Os 2 betraktlig. Så kan ein spørra seg om dette har noko hensikt og om det er fairplay?" skriv klubben på sine heimesider.

- Valestrand Hjellvik treng ikkje uroa seg, vi kjem til å bruka A-lagsspelarane der dei høyrer heime, på A-laget. Men vi kjem til å halda fram med å flytta fleire spelarar mellom laga, slik vi har gjort i heile år, seier Os-trenar Frank Hellevik til Midtsiden.no.

Også etablerte A-spelarar som Tim Henrik Sperrevik og Tore Valvik har blitt brukt på Os 2 tidlegare i sesongen, og i ein epost til Os 2-konkurrenten skriv Hellevik (eller "Tellevik", som klubben har sitert han) at "spillere som Stian Lunde, Tim Sperrevik, Halvard Enes og Einar Algerøy vil kun bli å se i Os 2-kamper etter eventuelle karantener for a-laget."

SJÅ TABELL FOR 4. DIVISJONSAVDELINGA

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.