Lokal | 31. jan. 2015

– Fryktar vi skal få treet i hovudet

Denne grana har hengt over Ulvenvegen i to veker.

– Fryktar vi skal få treet i hovudet
I to veker har dette treet hengt over Ulvenvegen. I går seig det fem meter lengre ned mot vegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. jan. 2015 08:22

Uvêret «Nina» gav for to veker sidan Os og resten av Vestlandet hard medfart. Etter lange dagar med ryddearbeid i etterkant er det framleis enkelte saker som er uoppgjort.

– Treet var ikkje så lett å sjå den første veka etter orkanen, får då hang det høgt oppe. Men eg og nokre kollegaer såg det då vi kjørte til jobb, fortel ein innringar til Midtsiden.

Treet heng over Ulvenvegen FV 160 ved Svegatjørn.

– Etter den tunge snøen kom torsdag ser eg at treet har sige rundt fem meter nærmare vegen. No vågar eg ikkje kjøra under det lenger.

Kom ikkje gjennom til vegvesenet

Innringar fortel at nokre kollegaer har gjort fleire forsøk på å nå gjennom til vegvesenet per telefon, for å varsla om treet.

– No skal det vera sendt ein epost i staden, men det har førebels ikkje skjedd noko. Treet bør fjernast før det ramlar ned og sperrar vegen. Det kan dessutan vera farleg for trafikantane, meiner ho.

Midtsiden har varsla politiet, som fredag kveld rykte ut for å sjekka forholdet og for å kontakta rett instans.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.