Ill.foto, KVB: Bilete av ei av Varde sine dronar. Varde er ein av få aktørar som har løyve frå Luftfartstilsynet etter å ha vore gjennom ein omfattande godkjenningsprosess.

Frykter uhell med droner

Politiet oppmodar til aktsemd  ved bruk av droner og ikkje minst at dei som flyr droner held seg til gjeldande regelverk.

Av: Andris Hamre

Vest politidistrikt har tysdag sendt ut ei pressemelding kor dei ber dronepilotar vera aktsame.

– Spesielt no sommarstid med mange uteaktivitetar, det vera seg store arrangement, opphald i eigen hage, på stranda eller liknande kan det vera fristande for mange dronebrukarar å filme nettopp slike hendingar. Men det er eit regelverk knytt til bruk av drone, og vi oppmodar folk til å følgje desse, seier Gustav Landro, stabssjef og fungerande leiar for Felles eining for operative tenester ved Vest politidistrikt.

Les òg: Drone på kollisjonskurs med passasjerfly

Minst 150 meter avstand

Landro viser til Luftsfartstilsynet sine regler om bruk av hobbydroner på opp til 2,5 kg, og trekk spesielt fram.

  • Dronen skal halde minst 150 meter avstand til folkemengder med meir enn 100 personar.
  • Minst 50 meter avstand til einskilde personar.
  • Minst 50 meter avstand til andre bilar eller bygningar.
  • Du skal kun fly i dagslys.
  • Du må kunne sjå drona sjølv.
  • Ikkje fly nær ulykkesstader.
  • Vik for andre luftfartøy.
  • Ikkje fly nærare lufthamn enn 5 km.
  • Ikkje fly når du er alkoholpåvirka.
  • Ha ansvarsforsikring.

Les meir på Luftfartstilsynet sine sider om droneflyging.

Frykter skader

Det er frykten for at ei drone skal falle ned og skade personar som gjer at politiet no går ut med åtvaringa.

– Droner er potensielt skadlege om dei faller ned. Tenk deg scenarioet der ei drone faller over ei folkemengde på 15.000 mennskjer slik som det var på sist VG-konsert i Bergen.

– For det første kan personar som dronen faller over bli hardt skadd. Det kan òg oppstå panikk i ein stor folkemengd med dei skader det kan medføre, seier Landro.

Blir erstatningsansvarleg

Landro minner om at det ved større arrangement gjerne også er film og fotoforbod og at bruk av drone vil kunne medføre bort på dette forbodet.

– Ikkje minst er det viktig å ta omsyn til privatlivets fred. Dersom noko skulle skje som følgje av uhell med drone vil det vera droneførar som er erstatningsansvarleg.

Gav 8000 kroner i bot

Det siste året har Vest politidistrikt registrert omlag 14 hendingar som kan ha vore brot på luftfartstilsynet sine reglar.

– I den siste saken, der det blei fløyet ei drone over ein konsert på Koengen i Bergen, blei droneføraren idømd ei bot på 8000 kroner og drona blei inndratt. Politiet ser alvorleg på brot av reglane og vil følgje med, avsluttar Landro.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.