Sport | 18. aug. 2016

Fryktlaus Thiet putta åtte

Handballdamene til Os tok seg greitt vidare frå 1. runde i cupen etter å ha slått Bjørnar 31-25.

Fryktlaus Thiet putta åtte
Thiet Dang viste inga respekt og skårte åtte mål i cupkampen mot Bjørnar (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2016 08:45

Onsdag starta handballsesongen for Osdamene, då dei møtte Bjørnar på bortebane i 1. runde i NM.

– Vi kjem godt i gang og styrer store delar av førsteomgangen, men det rukser litt ei ti minutters periode på slutten av omgangen som gjer at Bjørnar får kontakt og går forbi oss med eitt mål til pause, fortel assistenttrenar Gitte Torp.

Bjørnar - Os 25-31 (16-15)
Utv: Bjørnar 2x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Madeleine Hjertnes 6, Tonje Hjertnes 1, Emilie Hjertnes Halhjem 4, Maria Stangeland Lunde 1, Hilde Kristine Røttingen 5, Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle 3, Bente Mjanger, Liv Lunde 2, Thiet Dang 8, Tiril T. Grønvigh, Mia Torp Nielsen 1

Løp frå dei

I andre omgangen festar Os igjen grepet.

– Då ruler vi og parkerer Bjørnar. Dei prøvde først med frimerke på Madeleine, men lukkast ikkje. Så prøvde dei frimerke på både Madeleine og Thiet, men heller ikkje det fungerte for dei.

– Dei prøvde, men vi løp rett og slett frå dei, fortel Torp.

Thiet tok sjansen

Trenar Trond Førde Eriksen sa før kampen at han håpte ungjentene som kjem opp frå alderbestemt tørr å ta sjansen når dei får det. Det gjorde dei i kampen mot Bjørnar og spesielt turboen Thiet Dang.

– Thiet blei kåra til banens beste, vel fortent. Ho skåra åtte og var heilt rå i går. Ho var uredd og gav gass.

– Også dei tre andre 99-jentene vi hadde med gjorde det bra. Bente sto godt i forsvar, Liv løp på vingen og putta to og Mia sloss inne på linja, skårte eitt og skaffa fleire straffer.

Viking i 2. runde

Oppsettet for 2. runde i cupen er allereie klart. Innan 31. august skal Os ha spelt heime mot førstedivisjonslaget Viking TIF frå Bergen.

– Det blir spennande det. Då har vi fått trent litt meir og kanskje spelt ein treningskamp eller to, så det gler vi oss til, avsluttar Gitte Torp.

Dato og tid for kampen er enno ikkje klart, men den blir heime i Oshallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.