
Kommunaldirektør Ingvar Torsvik vurderer å byggje opp ein fleksiblitet ved Os barnehage for å kunne tilby barnehageplassar også på våren (foto: Andris Hamre)
Full dekning, men venteliste
15. desember meldte barnehagane inn kor mange barn dei hadde for å få det kommunale tilskotet for 2012. Oversikta syner at totalt 1336 barn har plass fordelt på 504 under 3 år og 832 over 3 år.
- Samstundes har vi ei venteliste på 382 barn mot 449 i januar i fjor, fortalde barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang då ho orienterte tenesteutvalet tysdag.
Ullensvang var kjapt ute med å presisera at mange av dei som står på ventelista allereie har barnehageplass, men ønskjer seg plass i ein annan barnehage enn den dei er i no.
- I samband med samordna opptak no i mars vil vi gjera ein ryddejobb i ventelista slik at vi får ei reell oversikt over kor mange som ikkje har plass, forklarte Ullensvang.
Reell venteliste
Både Ullensvang og kommunaldirektør Ingvar Torsvik meinte at kommunen har tilstrekkeleg antall barnehageplassar med dei barnehagene som finns i bygda i dag, men at alle barnehagane no er fulle etter innmeldinga den 15. desember.
- Betyr det at dei som vil ha barnehageplass no i vår opplever ei reell venteliste, undra Anders Hjelle (TvS).
- Ja, dei som ringer i dag og lurer på om det er ledige barnehagar får svar om at det er fullt og at dei må vente til det blir ledig kapasitet.
- Det kan det bli ved at nokon sluttar, eller når vi kjem til det ordinære opptaket i august, forklarte Ullensvang.
Omlag 270 barn går ut av barnehagane til sommaren for å byrje på skulen.
Treng fleksibilitet
Med den nye ordninga for kommunalt tilskot til dei ikkje-kommunale barnehagane ser kommunaldirektøren at dei treng ein fleksibilitet for å handtere opptak av barn der foreldra ønskjer plass på våren. Han innrømma at det er vanskeleg å kommunisere at ein har full barnehagedekning når ein samstundes opplever ei reell venteliste på våren.
- Slik har det blitt med den nye tilskotsordninga og vi kunne ønskje oss ein fleksibilitet som gjer at vi også kan tilby plassar på våren.
- Skal vi få til det, må nok vi i kommunen gjera den jobben sjølve. Vi kan ikkje forventa at dei ikkje-kommunale er villige til å stå med ledige plassar dei ikkje får betalt for, meinte Torsvik.
Difor har han kasta auga på eit område ved sidan av Os barnehage i Gymnasvegen.
- Der kan det vera mogleg å laga ei ekstra avdeling med omlag 20 plassar som kan gje oss denne fleksibiliteten, men dette er heilt på tankestadiet førebels, forklarte Torsvik.
Ein dårleg praksis
Utvalsleiar Eirik André Hesthamar (FrP) viste i møtet til sakane Midtsiden skreiv om i november kor foresatte betaler for ein barnehageplass dei ikkje nyttar for å sikre seg barnehageplass på våren.
- Det er fullt lov å gjera det barnehagane her gjer. Eg har vore i kontakt med Fylkesmannen og dei omtalar det som ein lovleg, men dårleg praksis.
- Vi vil difor gå i ein dialog med barnehagane for å ta ein diskusjon rundt temaet, fortalde Ullensvang.
- Det er viktig å presisera at om barnehagane tek inn barn på denne måten så er dei òg plikta til å ha bemanning deretter, sjølv om barnet faktisk ikkje er i barnehagen, avslutta Ullensvang.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no