Lokal | 23. sep. 2014

Full fart i gartneriet

Gartneriet på Moberg har fått nytt liv. Karl Atle Pedersen satsar på sal og verkstad for cross-syklar og motorsport.

Full fart i gartneriet
Karl Atle (Kalle) Pedersen har opna utsal og verkstad for motorcross-syklar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 23. sep. 2014 13:17

I mai starta Karl Atle (Kalle) Pedersen firmaet Motor og Takst i delar av lokala til gartneriet på Moberg.

– Det heile kom som ei følgje av eit uhell eg hadde på motocross-sykkelen.

– Eg knakk to bein i ankelen og måtte omskolerast frå servicemann på båtverkstad. Det blei for vanskeleg å krabba ned i trange og kronglete motorrom.

Takstmann og reperatør

Som utdanna motormekanikar, måtte det nesten bli noko innan sama bransjen, men med litt lettare tilgjenge på motorane.

– No er eg nett ferdig med kurs hjå Noregs Takstmannsforbund og kan ta skadetakst på bilar, båtar, motorsyklar, campingvogner og lignande.

– Det kjem nok til å bli hovudgesjefta, men eg har òg opna butikk og verkstad for sal og service av utstyr innan motorsport i dei tidlegare lokala til blomsterbutikken i gartneriet.

– Framleis kjem det folk innom her som trur dei kan få kjøpt blomer og busker, men det kan eg nok ikkje hjelpa dei med, smiler Pedersen.

Sel på heile Vestlandet

Pedersen forhandlar motorcross-syklar frå Suzuki.

– Hovudmarknaden blir naturleg nok lokalt i Bergensområdet, men eg har òg seld frå Molde i nord til Karmøy i sør.

– I tillegg har eg fått motorar til reperasjon frå både Trondheim, Odda og Stavanger.

– No i starten har eg tatt med meg mykje av utstyret på motorcross-stemner slik at dei som driv idretten skal bli klar over kva eg kan tilby.

Fiksa motor til gatebil

Sjølv om han er merkeforhandlar av Suzuki så kan han hjelpa med andre merker òg.

– Også andre sykler skal få hjelp, forsikrar mekanikaren.

– Om det er nokon som driv bilcross, baneløp eller gatebil, så hjelper eg til der òg.

– Eg leverte nettopp ein motor som eg skifta mykje av det mekaniske på til ein gatebil i Stavanger.

– Eigaren håpa han skulle få ut 850 hestekrefter av den etter at dei som tek det elektroniske på den er ferdige.

– Men ein ting er viktig å presisera, eg driv ikkje ein ordinært verkstad for biler og sykler som køyrer på vanlege vegar.

– Det eg kan gjera er å hjelpa til med å skaffa delar og utstyr til MC, ATW eller snøscooter for den del, om eigaren vil skru sjølv, forklarar Pedersen.

Reknar med ein travlare vinter

Etter at han starta i mai, har det gått litt i bølgedaler med oppdragsmengda.

– Innimellom har eg difor leig meg ut til entreprenørar som sjåfør på lastebil eller gravemaskin.

– Men no når glatta etterkvart kjem reknar eg med det blir meir å gjera som takstmann.

– I tillegg er det mange som vil gjera motorcross-syklane klare for neste sesong, eller som vurderar om dei skal kjøpa seg ny, så eg håpar og trur eg skal få nok å henga fingarne i, avsluttar Kalle Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.