Full fart med Villmarksbarna
Fanging av skodespelarar med lasso sto saman med pinnebrød og pølser på menyen då Os Turlag inviterte Villmarksbarna til Os laurdag.
Bildeserie:
At Guro, Ida, Runa og Narve frå serien Villmarksbarna på NRK er populære på Os er det liten tvil om.
Kanskje ikkje så rart med tanke på at mor Inger Anundsen og far Lars Haukanes Kempig er frå Os og Voss.
– Eg har sett alle episodane. Der er Narve, fortalte ein av gutane Midtsiden møtte på Oseana laurdag ettermiddag.
Høg aktivitet på terrassen
Os Turlag saman med Barnas Turlag hadde invitert den turglade familien til aktiviteter og foredrag i Oseana. Før foredraget hadde turlaget rigga til villmarkscamp på terrassen.
– Det er bålpanne kor ungane kan grilla pølse og laga pinnebrød, vi har sett opp lavvo og ungane kan få læra å kaste lasso av gjengen frå serien, fortel Arvid Øvreeide, leiar i Os Turlag.
Viktig å visa aktiviteten
Bakgrunnen for at turlaget har skipa til arrangementet var eit ønskje om å visa meir av aktiviteten i laget, og å inspirera barn og vaksne til å koma seg ut.
– Det er jo det vi ønskjer, å få flest mogleg ut i naturen. Det er også difor vi jobbar så aktivt med å legga tilrette turstiane i og rundt Os. Dette er ein fin måte for oss å presentera aktiviteten vår på.
– Er de nøgd med frammøtet?
– Ja det er vi, vi har nett tippa 300 deltakarar, så det er vi strålande nøgd med. Vi sa på førehand at om det kom 250 så var det bra, smiler Øvreeide.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.