Sport | 23. apr. 2015

Full fart utan motor

To skuleklassar brukte aktivitetsdagen til å sykla på motocrossbanen i Sigurdsvika.

Full fart utan motor
Bursdagsbarnet Annika sjekka hoppet før ho sette utfor i full fart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2015 08:08

Bildeserie:

Hedda og Synnøve koste seg på crossbanen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hedda og Synnøve koste seg på crossbanen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lisa Marie tok ein tur med Rebecca på bagasjebrettet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lisa Marie tok ein tur med Rebecca på bagasjebrettet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mathias var fryktlaus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mathias var fryktlaus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var også Helene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var også Helene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marius var ein av dei ivrigaste på hoppet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marius var ein av dei ivrigaste på hoppet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingen behov for plaster, Annika tok fallet med eit smil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingen behov for plaster, Annika tok fallet med eit smil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nesten 50 elevar frå 5. trinnet ved Lunde barneskule sykla på banen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nesten 50 elevar frå 5. trinnet ved Lunde barneskule sykla på banen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

– Det er alltid ein og annan som ramlar, men det er ingen fare, vi har plaster i klubbhuset, seier Jane Espeland.

Ho er formann i Os MC og MX klubb og tilsett ved Lunde barneskule. Då elevane ville sykla cross var det ingen problem å få låna banen.

Ein dag på to hjul

I går var det dei to femteklassane ved skulen som sykla frå Lunde til Kolskogen for å trilla av asfalten og prøva seg på grus og hopp.

– Vi blei delvis hindra av litt vegarbeid, men kom oss inn her på ein time. Nesten alle dei 49 elevane er med, men nokre av dei var innom Osbadet for å delta i skulemeisterskap i symjing først, fortel kontaktlærar Thea Hellevang Berg.

– Litt skummelt

Elevane kunne velja mellom to banar og ei grusløype i skogen. Mange valte mest mogleg action og sette utfor ein bratt bakke og ned til eit nybygd hopp.

– Det er veldig gøy, men eg ramla sist gang vi var her så eg er litt meir varsam i dag, seier Lisa Marie, på tur med venninna Rebecca bakpå.

Andre elevar, som Mathias, Marius, Eskil, Helene og bursdagsbarnet Annika sette utfor hoppet.

– Vi har hatt skuleklassar her før og vi har lånt vekk banen til CK Henie. Det er berre kjekt at den blir brukt, kven som helst kan ta kontakt om dei vil prøva banen, seier Jane.

Sesongstart og baneutviding

Ho fortel at klubben er i rute med planlegginga av utviding av banen.

I helga som var hadde klubben sesongstart med årets første noregscup.

Os reiste med 10-12 utøvarar og Marco Matre sin 3. plass var beste resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.