Sport | 24. apr. 2018

Full pott etter tre rundar

6 av 8 seniorlag i Os har opna serien på beste vis, to av dei er Os 2 og Søfteland, som i mai skal møta kvarandre.

Full pott etter tre rundar
Søfteland har jubla etter alle dei tre første kampane i år. (Arkivbilde frå 2017, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. apr. 2018 08:06

6 av dei 8 seniorlaga i Os, utanom Lysekloster og Os sine A-lag, har hatt ein plettfri start på sesongen.

Os sitt damelag står med 6 poeng etter to kampar, Os sitt nystarta 7-arlag for kvinner vann 5-0 i debuten.

Søre Neset er tilbake med A-lag, og har no 6 poeng på to kampar i 7. divisjon, Øyglimt sitt nye 7-arlag vann som kjent 16-4 i debuten.

Svakare start i 6. divisjon

I 6. divisjon er det i år duka for derby mellom Os 3 og Nore Neset, som i år er omdøypt til Nore Neset/Lysekloster 2.

Os 3 har starta sesongen med 3 poeng på like mange kampar, Nore Neset/Lysekloster 2 har tatt eitt poeng på to spelte kampar.

Første derby mellom dei to er på Nore Neset fredag 11. mai.

Terminliste og tabell

Os 2 og Søfteland på topp i 5. divisjon

I 5. divisjon avdeling 2 har alle lag spelt tre rundar.

Fire lag har full pott, Osterøy, Os 2, Nymark og Søfteland.

Søfteland starta sterkt med 0-2-siger borte over Voss (begge mål av Håkon H. Hanssen) og følgde opp med 2-1 over Minde (mål av Tom Gabriel Rondestveit og Dani A. Bergstø) og 2-0 over Sædalen/Kringlebotten (mål av Vegard Hjelle og Tom Gabriel Ø. Rondestveit).

Os 2 starta sesongen med 9-0-siger over Dale og 2-3 over Vaksdal før dei torsdag slo Baune 4-1 (mål av Joakim K. Forstrønen, Christoffer Hafsås og to av Fabian Bødtker).

Første derby mellom Os 2 og Søfteland blir på Kuventræ måndag 14. mai.

Søfteland stiller med fleire tidlegare Os 2-spelarar, og junior- og tidlegare Os 2-trenar John Ole Johannessen. Os 2 blir leia av Martin Røttingen Eidsvik, som spelte på Søfteland i fjor.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.