Sport | 24. feb. 2016

Full pott i serien

Mykje skal gå gale i rankingspelet om ikkje Søre Neset speler 2. divisjon neste år etter 12 av 12 moglege sigrar i serien.

Full pott i serien
Mari Skogland fekk debuten på 1. laget i oppgjeret mot Bryggen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. feb. 2016 12:50

Både Søre Neset 1 og Søre Neset 2 avslutta serien med Bryggen som motstandar i siste serierunde. Søre Neset 1 har vore suverene på toppen gjennom heile sesongen og avslutta med stil etter å ha slått Bryggen 3-0 (26-24, 25-15, 25-18).

– Det er ein rotekamp frå vår side.

– Vi starter bra og midtvegs har vi ein solid ledelse på rundt 10 poeng. Men så byrjar vi å rote. Vi slår ut, vi går i vegen for kvarandre, slår i nett, hopper i nett, server ut, server i nett. Alt går gale og plutseleg er det jamt. Trass ein hoppande sint trener og sinte spelarar som blir bytta ut klarer vi heldigvis å få inn det siste poenget og ta settet, seier trenar Morten Asphaug.

Roa seg

Etter den høge temperaturen klarar både trenaren og spelarane å roa seg ned før det andre settet.

– Vi finn roen og ting byrjar å sitta igjen. Vi har framleis perioder der vi rotar, men desse klarar vi å stoppe relativt fort.

Mari debuterte

I det tredje settet slepp Asphaug debutanten Mari Skoglund (15) til på banen.

– Ho fekk ein vanskeleg debut der ho bli kasta innpå på slutten av eit sett som igjen blir rotete. Litt høge skuldre har ho nok, men ho held hovudet kaldt og spelar godt i forsvar, skryt Asphaug.

Skryt gjer han òg av Vibeke Ingebrigtsen og Ingrid Tombre.

– Vibeke blir igjen dagens spelar med mange serve- og angrepspoeng. Ingrid er igjen viktig for oss i forsvar.

52 år skilnad

Like bra gjekk det ikkje med andrelaget då dei møtte Bryggen i sin siste seriekamp.

– Det blir 0-3 (14-25, 24-26, 9-25) tap, men likevel ein veldig god avslutning på sesongen for 2. laget.

– Vi havner bakpå frå start med jobbar knallhardt. Det skil 52 år frå vår yngste spelar til Bryggen sin eldste. Det gjer eit utslag på banen med tanke på rutinen, seier Asphaug.

No gjenstår berre rankingturneringa for Søre Neset, kor dei minst må komma på 5. plass for å klara opprykket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.