Lokal | 18. feb. 2016

Full splid om Osfest

Ordføraren si dobbeltstemme måtte til for å avgjera saka om kommunalt tilskot til Osfest.

Full splid om Osfest
Frå Osfest 2015 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Cathrin Valestrandtorsdag 18. feb. 2016 12:16

I formannskapsmøtet i føremiddag vart omfanget av tilskotet diskutert.

Politikarane er særs einige om at Osfest er eit flott arrangement, men like samde om det var uaktuelt å leggja dette inn som ein fast post i budsjettet.

Viktig kulturbidrag

Marie Bruarøy (H) nytta høvet til å skryta av Osfest.

– Osfest er eit viktig bidrag til kulturen i Os, og femner eit vidt spekter. I år vil dei utvida med ein ekstra dag. Familiarrangementet er allereie kjempepopulært, og berre konserten med Marcus & Martinus gjer at ein nesten er komne opp i besøkstalet frå i fjor.

– Vi gjer framlegg om tilskot på kr 500.000. Vi tykkjer det er urimeleg å setja Osfest inn som ein årleg budsjettpost. Då sender vi feil signal overfor alle dei andre gode arrangementa i kommunen, og vi pådreg oss ein utgift som vi ikkje har oversikt over for framtida, sa Bruarøy på vegen på posisjonen.

Underskotsgaranti?

Opposisjonen hadde i starten to ulike framlegg. Nils-Anders Nøttseter (MDG) fremja det første forslaget om kr 100.000 i tilskot, og inntil 100.000 kr i underskotsgaranti.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) åtvara imot å gå inn for underskotsgaranti, som vart løfta fram som ei moglegheit i møtet.

– Det er eg svært kritisk til. Då flyttar ein risiko over på våre hender, noko som kan vera lite lurt, og usunt i mange samanhengar. Vi har i kommunen også teke eit val om å ikkje gje underskotsgaranti til Oseana og tilsvarande ved større arrangement.

Vond trend

Helge Steinum (Ap) fremja forslag om tilskot på kr 200.000, og meinte at det måtte vera nok.

– Ap meiner 600.000 kr slik Osfest har søkt om er altfor høgt. Dei legg opp til jamn auke i støtta. Dette er ein vond trend, som kan bli vanskeleg å snu.

I ei lita pause før avstemming, samla opposisjonen seg om Ap sitt kronebeløp.

Ved røysting vart det fire røyster for kvart av forslaga, og ordføraren si dobbeltstemme gav Osfest kr 300.000 meir enn opposisjonen ville bidra med. Tilskotet vert trekt frå formannskapet sitt disposisjonsfond.

Osfest søkte om fast kommunalt tilskot på 10 prosent av budsjettet, for 2016 utgjer det kr 600.000. Då saka stod på sakskartet før jul, vart ho utsett grunna manglande budsjett og rekneskap.

Midtsiden kjem tilbake med meir om Osfest-tilskotet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.